Skriftlig spørsmål fra Terje Halleland (FrP) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1429 (2020-2021)
Innlevert: 25.02.2021
Sendt: 26.02.2021
Besvart: 05.03.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Terje Halleland (FrP)

Spørsmål

Terje Halleland (FrP): Hvordan vurderer statsråden muligheten for å etablere et system med reduksjonsplikt for omsetter av drivstoff til veitrafikken, som en erstatning til dagens omsetningskrav for biodrivstoff, og vil statsråden ta initiativ til en utredning for å innføre en slik reduksjonsplikt, som en teknologinøytral metode for å redusere klimagassutslipp fra veitrafikken?

Begrunnelse

I dag har omsetter av drivstoff et omsetningskrav for biodrivstoff innblandet i konvensjonell bensin og diesel, hvor biodrivstoff skal utgjøre 24,5 prosent av det samlede volum drivstoff som selges til veitrafikken. I 2019 var biodrivstoff den viktigste årsaken til reduserte klimagassutslipp fra veitransporten, med en CO2-reduksjon på cirka 1,3 millioner tonn, ifølge Miljødirektoratet. Dette er bra, men omsetningskravet er ikke teknologinøytralt, slik det i dag er utformet.
Under konferansen Mobilitet 2021 presenterte Vista analyse en rapport bestilt av bransjeforeningen Drivkraft Norge om reduksjonsplikt for omsettere av drivstoff til veitrafikken, som en erstatning for dagens omsetningskrav. Rapporten fra Vista analyse viser at reduksjonsplikt vil være en mer treffsikker metode for å redusere klimagassutslipp fra veitrafikken. Istedenfor å telle antall liter biodrivstoff som i dag, så vil en reduksjonsplikt kunne omfatte alle fornybare energibærere (biodrivstoff, elektrisitet, hydrogen, biogass, e-fuels og fremtidige nye drivstoff). Ved reduksjonsplikt kan alle fornybare drivstoff-løsninger bli vurdert ut ifra like kriterier gjennom livsløpsanalyser. Et slik system ble tatt i bruk i Sverige i 2018, men der er oppfyllelse av kravet foreløpig begrenset til kun biodrivstoff. Det samme vurderes i Danmark.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Utsleppa frå transportsektoren må ned. Det handlar om å redusere transportomfanget, og å få til ein overgang til kollektivtransport, sykkel og gange, samtidig som vi må redusere utsleppa frå køyretøya vi nyttar. Biodrivstoff er saman med nullutslepp og biogass ein del av løysinga for å redusere desse utsleppa.
Eg er kjend med reduksjonsplikt og at det er innført i Sverige frå 1. juli 2018. Plikta inneber at dei som sel drivstoff skal redusere klimagassutsleppa frå dei fossile drivstoffa som blir selde i eit meldt tempo. Reduksjonane skal skje ved at biodrivstoff erstattar fossilt drivstoff. Reduksjonane blir målte ved å samanlikne drivstoffa sine livsløpsutslepp opp mot dei respektive fossile alternativa, utan innblanding. Høginnblanda biodrivstoff som biogass, HVO100, E85, B100 og ED95 er unnateke reduksjonsplikta. Desse alternative brensla har fritak frå energi- og karbonskatt.
Regjeringa vil auke bruken av berekraftig biodrivstoff. Eg meiner omsetningskravet er eit formålstenleg verkemiddel for å auke bruken av biodrivstoff. Gjennom omsetningskravet kan vi ha kontroll med at det biodrivstoffet som blir brukt i Noreg er berekraftig. Vi kan premiere avansert biodrivstoff framfor konvensjonelt. Vi kan auke omsetningskravet ut frå vurderingar av behovet for utsleppskutt, pris, tilgang på biodrivstoff og risiko for avskoging. Om reduksjonsplikt skal kunne omfatte alle fornybare energiberarar og ha meirnytte samanlikna med eit omsetningskrav, så må det på plass utsleppsfaktorar for dei ulike energiberarane. Eg følgjer med interesse EU sitt arbeidet med alternative fornybare drivstoff.
I Meldt. St. 13 (2020-2021) Klimaplan for 2021-2030 legg regjeringa fram ei rekkje signal om den vidare bruken av biodrivstoff som er basert på omsetningskrav som modell. Regjeringa vil som eit minimum halde på dagens omsetningsvolum av biodrivstoff i vegtrafikk og ta sikte på innføring av eit omsetningskrav for anleggsdiesel som mot 2030 blir auka til same nivå som i vegtrafikken. Vi vil òg innføre eit omsetningskrav for skipsfart og vurdere vidare auke for luftfart.
I tillegg til dette har regjeringa spesifikke verkemiddel for å fase inn nullutslepp og biogass og generelle verkemiddel som CO2-avgifta for å gjere det dyrare å forureine.