Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:815 (2020-2021)
Innlevert: 18.12.2020
Sendt: 21.12.2020
Besvart: 06.01.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): Equinor har over lang tid begått alvorlige brudd på forurensningsloven på Mongstad. Dagens Næringsliv hadde senest 18.12.20 en sak om dette. I et brev fra Miljødirektoratet til Equinor beskrives det hvordan direktoratet de senere år har stilt spørsmål ved om kontrollen av anlegget er god nok.'
Hva vil statsråden gjøre for å rydde opp i denne forurensningsskandalen og vil han komme til Stortinget og redegjøre for saken når rapportene fra Miljødirektoratet og Equinor er klare?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Equinor har i fleire år informert om større og mindre mengder ulovlege utslepp av olje til grunn i sine årlege eigenkontrollrapporter til Miljødirektoratet. I desse tilfella har Equinor vurdert at det var lite sannsynleg at utsleppet ville spreie seg.



Equinor melde Miljødirektoratet for første gong om forhøgd konsentrasjon av olje i vassutsleppet i februar 2020. Bedrifta antok på dette tidspunktet at årsaka var tilsig frå historisk forureina grunn som naturleg drenerer mot vassrenseanlegget, og opplyste at det var etablert ei prosjektgruppe for å undersøke årsaka og stanse eventuelle lekkasjar.



I møte med Miljødirektoratet i september 2020 opplyste Equinor at 100 000 liter olje var pumpa opp frå grunnen. Miljødirektoratet såg på dette tidspunktet at det ikkje var tilstrekkeleg å vente på granskingsrapporten frå bedrifta, og at verksemda si tidlegare oppfatning om at dei melde utsleppa av olje til grunn medførte liten miljørisiko, ikkje såg ut til å stemme. Miljødirektoratet varsla derfor i oktober 2020 at bedrifta ville få pålegg om å kartlegge grunnforholda og gjere tiltak der det var nødvendig. Pålegget vart vedtatt i november 2020.



Equinor la fram granskingsrapporten sin 27. november. Granskingsgruppa har klassifisert hendinga med høgaste alvorsgrad. Ei rekke faktorar har ført til ukontrollerte utslepp av olje til grunn, og sidan analysar av olja viser ei blanding av ulike komponentar, har dette sannsynlegvis gått føre seg over svært lang tid.



Rapporten gir svar på delar av pålegget Miljødirektoratet gav 25. november, men direktoratet ventar på endeleg tilbakemelding på pålegget om ein full gjennomgang av grunnforholda på Mongstad. For det vidare arbeidet med grunnforureininga har Miljødirektoratet vedtatt fristar for statusrapportering 15. januar 2021 og 1. juni 2021, medan endeleg ferdigstilling av rapportering for undersøkingar og tiltak er sette til 1. mars 2022. Bedrifta er òg pålagt å legge fram ein plan for prøvetaking og tiltak for eventuelle kommentarar frå direktoratet.



I tillegg til oljeforureining i grunn har Miljødirektoratet oppfølging av ei rekke alvorlege forhold ved bedrifta. Bedrifta hadde eit større akutt utslepp av olje til vatn sommaren 2020. Miljødirektoratet ser òg på vassrenseanlegget som utdatert og med for dårleg kapasitet. Ved tilsyn i 2018 vart det òg oppdaga ulovlege utslepp av KFK-gassar. I samband med tilsyn i 2019 avdekte Miljødirektoratet at to av tankgårdane ved bedrifta ikkje har eit oppsamlingsarrangement i samsvar med krava i forureiningsforskrifta.



Miljødirektoratet ser på situasjonen på Mongstad som svært alvorleg. Dei viser til at det er fleire ulike brot på ulike deler av Miljødirektoratet sine krav som kvar for seg er alvorlege nok, og som til saman gir eit inntrykk av at verksemda har mangla kunnskap om regelverket, manglande vedlikehald, dårleg leiarforankring og kontroll og generelt lav merksemd på miljø og miljørisiko. Eg er kjend med at Miljødirektoratet har meld Equinor Mongstad til politiet for to forhold; for akutt forureining som følgje av rørbrot i fjor somar, og for utslepp til grunnen fra raffineriverksemda på Mongstad i desember i fjor.



Saka om grunnforureining ved Equinor Mongstad er særs alvorleg, og har medført omfattande forureining av olje i grunn. Eg forventar at Equinor ryddar opp i alle forhold som er i strid med forureiningsregelverket, slik at verksemda kan komme raskast mogleg i samsvar med alle gjeldande krav. Dei vedtaka som Miljødirektoratet eventuelt fattar kan klagast til Klima- og miljødepartementet. Fordi eg kan vere den som skal avgjere ei slik mogleg klage, kan eg ikkje no kommentere saka konkret.