Geir Sigbjørn Toskedal (KrF): Vil utanriksministeren ta saka opp med nigerianske myndigheter slik at jenta kan bli redda ut og sett fri?
Begrunnelse
Av 110 kidnappa skulejenter i Nigeria sit Leah Sharibu framleid i fangenskap etter 2 år, ei grufull hending med store mediaoppslag. Leah er truleg einaste kristne jente igjen av dei. Boko Haram eller ISWAP (Den islamske staten i provinsen Vest Afrika) som organisasjonen kallar seg stod for ugjerninga. Leah var 14 år og gjekk på skule i Dapchi, delstaten Yobe, då ho blei bortført 19. januar 2018. Ho er framleis fange hos den islamistiske terrororganisasjonen Boko Haram.
Boko Haram har ei lære om at «vestleg utdanning er synd». Fire av jentene kom ikkje frå det i live, 105 andre kom heim ein månad seinare etter tingingar med den nigerianske regjeringa, alle som muslimar. Leah ville ikkje konvertera til islam og slepp dermed ikkje fri. Ho er ein sårbar borgar som opplever urimeleg urett og diverre treng internasjonal merksemd i håp om å koma heim til familien der ho høyrer heime.
Leah er utsett for grove brot på trusfridom, rett til utdanning, omsorg, fridom og tryggleik. Stefanusstiftelsen uttaler at dei kjenner til livsteikn frå henne og andre i same situasjon. Dette skjer samstundes med meldingar om valdsangrep, drap og kidnappingar nord i Nigeria.