Jenny Klinge (Sp): Vil statsråden gjera noko som kan førebyggje misbruk av tolkeordninga i justissektoren?
Begrunnelse
VG avslørte den 22. februar tette band mellom advokatselskap og tolkeselskap i samband med handsaminga av Lime-saka i Borgarting lagmannsrett. Avisa viser mellom anna til korleis aktørar med nært slektskap har handla tolketenester på ein mildt sagt oppsiktsvekkjande måte. Borgarting lagmannsrett seier til avisa at dei ikkje vil føreta seg noko i høve denne saka og viser til at domstolen har tillit til advokatane. Norske domstolar og offentleg forvaltning utbetalar store summar til tolketenester kvart år, og avsløringane i VG viser at det er mogleg å få store summar frå fellesskapet til ordningar som ikkje synest å vera godt nok regulerte.