Magne Rommetveit (A): Kvifor nektar Arbeids- og sosialdepartementet meg som stortingsrepresentant og medlem i kontroll- og konstitusjonskomiteen å møta leiinga saman med dei tillitsvalde i NAV-Sunnhordland når komiteen nå har til behandling sak:
«Vedr. Praktiseringen av EUs trygdeforordning 883/2004 artikkel 21.»?
Begrunnelse
Torsdag 14.11 gjorde eg avtale med leiaren i NAV-Sunnhordland om å møta ho, saman med tillitsvalde og eventuelt verneombod. Eg hadde eit ønske om å høyra korleis dei som jobbar direkte i tenesta nå opplever arbeidssituasjonen med alt presset rundt den aktuelle saka. Eg bad og spesielt om å få ei orientering om praksisen rundt arbeidsavklaringspengar og aktivitetskrav knytt til desse. Eg fekk tilbakemelding på at dei inviterte var glade for interessa, og at dei såg fram til eit slikt møte, som blei avtalt å haldast på Stord 18.11.
Fredag 15.11 fekk eg melding frå leiaren ved NAV-Sunnhordland om at det avtalte møtet ikkje kunne bli noko av. Ho hadde fått melding frå direktøren i NAV-Vestland, som hadde fått melding frå direktoratet, som igjen hadde fått melding frå Arbeids- og sosialdepartementet, om at NAV-Sunnhordland ikkje fekk treffa meg.
NAV-Sunnhordland er det lokale NAV-kontoret, lokalisert på Stord. Eg var i mi tid som ordførar i Stord kommune sterkt med på å byggja opp kontoret, eg kjenner historikken bak det og eg kjenner fleire av folka der.
Eg reagerer nå sterkt på at Arbeids- og sosialdepartementet nå på denne måte hindrar meg i å utføra arbeidet mitt som stortingsrepresentant på ein god nok måte. Det er ei komplisert og vanskeleg sak kontroll- og konstitusjonskomiteen nå har fått til behandling, og det å utvida kunnskapsgrunnlaget nå i framkant av komitebehandlinga ville derfor vore nyttig for meg. Å henta inn kunnskap- og å høyra på folk lokalt, er også viktig når ei sak skal drøftast og behandlast sentralt.
Som medlem i stortinget sitt presidentskap reagerer eg og på ein praksis der eit departement avgrensar måten me stortingsrepresentantar kan arbeida på. Det planlagde møtet var lagt til ein dag der Stortinget ikkje har møte i plenum, og slike dagar skal me stortingsrepresentantar nettopp bruka til å ha kontakt med bedrifter, organisasjonar og institusjonar i heimfylket vårt.
I Arbeids- og sosialministeren si nylege utgreiing for Stortinget la ho vekt på:
- Å få alle fakta på bordet
- At alt skal fram i lyset.
- At alle steinar skal snuast.
Eg oppfattar det med bakgrunn i dette som absurd viss eg som stortingsrepresentant og medlem av kontroll- og konstitusjonskomiteen som har saka til behandling nå blir nekta å treffa NAV- Sunnhordland, og eg vil be statsråden om å gjera om denne nektingsavgjerda.