Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2239 (2018-2019) Innlevert: 03.09.2019 Sendt: 03.09.2019 Besvart: 18.09.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Kirsti Leirtrø (A): Hvor stor nedgang i pris per bompassering kan den enkelte bilist forvente etter at regjeringen har bestemt i forskrift at den delen av virksomheten i bomselskapene som handler om utstedelse av bompengebrikker og fergebilletter nå skal skilles ut i egne selskaper, eventuelt selges til private aktører?
Jon Georg Dale: Eg viser til omtalen av reforma av bompengesektoren i Noreg (bompengereforma) i Meld. St. 25 (2014-2015) På rett vei og Prop. 1 S Tillegg 2 (2015-2016). Målet med å skilje utferdarverksemda frå bompengeselskapa er ikkje i fyrste rekke å redusere bompengetakstane, men å reindyrke rollane innanfor bompengesektoren. I dag har bompengeselskapa både rolla som operatør (bompengeselskap) og utferdar. Som utferdar tilbyr selskapa brukarane ein avtale og brikke til registrering av bompasseringar slik at brukarane får kun ei rekning for alle sine bompasseringar. Utferdarselskapa vil stå for innkrevjinga frå eigne avtalekundar, og er ansvarleg overfor operatør ved at dei ber kredittrisikoen for at avtalekundane faktisk betaler. Dagens organisering inneber at det skjer kryssubsidiering mellom ulike bompengeprosjekt ved at bompengeselskapa krev inn bompengar for kvarandre. Bompengeselskapa tar også ein risiko på vegne av ferjeselskapa når dei krev inn betaling for ferjebillettar gjennom AutoPASS ferje. Ved å skilje utferdarverksemda frå bompengeselskapa hindrar ein denne kryssubsidieringa og fjernar risikoen bompengeselskapa tar for ferjeselskapa, samtidig opnar det for utvida bruk av brikkeavtalane.Utferdarforskrifta, som set rammene for utferdarverksemda, blei satt i kraft 1.1.2019. Dei regionale bompengeselskapa har fått dispensasjon til å drive som integrert utferdar fram til sommaren 2020, med høve for forlenging til 31.12.2020. Statens vegvesen har eit overordna ansvar for å leggje til rette for gjennomføring av reforma, og Samferdselsdepartementet følgjer prosessen tett.