Skriftlig spørsmål fra Tom-Christer Nilsen (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:780 (2018-2019)
Innlevert: 22.01.2019
Sendt: 22.01.2019
Besvart: 29.01.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Tom-Christer Nilsen (H)

Spørsmål

Tom-Christer Nilsen (H): Vil regjeringen vurdere å forlenge tiden fra anbudsinnbydelse til anbudets startdato i fergesektoren?

Begrunnelse

Ved iverksettelsen av anbudet for fergestrekningen Halhjem-Sandvikvåg på E39 Hordaland, har det oppstått store driftsforstyrrelser. Ferger holder ikke rutetiden, og jeg har selv blitt stående igjen på kaien fordi en forsinket ferge dro uten å ta med ventende biler.
Driftsforstyrrelsene skyldes etter det selskapet opplyser flere ting. Forsinkelser fra alle verft som skulle levere nybygg, gjør at ingen av fergene som skal trafikkere sambandet ennå er levert. Innleide ferger har fått tekniske problemer, og det har vært skyldt på værforhold.
På bakgrunn av dette kan det være naturlig å spørre om tiden fra anbud til oppstart har vært lang nok, og om en burde ha en prøvekjøring av sambandet i god tid før reell oppstart.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Konkurranse om drift av riksvegferjesambandet E39 Halhjem-Sandvikvåg vart kunngjort i DOFFIN 29. februar 2016, tilboda vart leverte 16. august 2016, og kontrakt vart inngått 1. november 2016. Dette har gitt Torghatten Nord AS om lag to år i byggetid for nye ferjer. Erfaringsmessig er to år tilstrekkeleg tid til å skaffa nytt materiell, også nybygg. Det har ikkje vore tilfelle for Torghatten Nord AS denne gongen. Eg vil derfor be Vegdirektoratet følgja med i dei neste konkurransane, for å sjå om dette er eit eingongstilfelle, eller om det bør gjerast tiltak i innkjøpa av riksvegferjetenester for å sikra at tilbydde fartøy er klare til oppstart av kontrakt.
I kontrakta er det sett krav til fire hovudferjer og ei reserveferje frå 1. januar 2019, og fem hovudferjer og ei reserveferje frå 1. januar 2020. Dei nye fartøya skulle etter framdriftsplanen vore ferdigstilte og leverte hausten 2018, det vil seia i god tid før oppstart. Denne framdriftsplanen har dessverre vist seg ikkje å halda, og det blir no tidlegast levering av dei nye fartøya i midten av februar. Forseinkinga skuldast tekniske leveranseutfordringar frå verft både i Norge og Tyrkia.
Fram til dei nye fartøya er på plass blir sambandet drifta av fire innleigde ferjer som fungerer som hovudferjer, og ei innleigd reserveferje. Statens vegvesen har i kontraktsoppfølginga med Torghatten Nord AS lagt vekt på kontraktsmessig leveranse og at mellombels materiell i så stor grad som mogeleg skal tilfredsstilla krava i kontrakten, slik at trafikantane i størst mogeleg grad får den ruteproduksjonen som kontrakten tilseier. Det materiellet som blir nytta fram til dei nye hovudferjene blir sette i drift, tilfredsstiller krava til transportkapasitet. Dårleg ver har ført til at to av dei fire innleigde ferjene har hatt driftsvanskar, noko som har ført til kanselleringar. Driftsavvik frå planlagt ruteproduksjon vil føre til økonomiske sanksjoner ovanfor Torghatten Nord AS.