Sveinung Rotevatn (V): Vil statsråden kome til Stortinget med forslag om å endre fireårsregelen i alkohollova § 1-6?
Begrunnelse
Av alkohollova § l -6 følgjer det at eit skjenkeløyve vert gjeve for inntil fire år av gangen, og det automatisk fell vekk 30. juni året etter at eit nytt kommunestyre tiltrer. Fireårsregelen bidreg til å skape uvisse rundt rammevilkåra for små og viktige lokale bedrifter, ikkje minst i distrikta. Regelen skapar uvisse for både arbeidsgjevarar og arbeidstakarar, og tilsette i næringa er i realitetan tilsett på åremål. Med ein tidshorisont på kun fire år er det krevjande å skaffe finansiering, og grundarar kan vegre seg mot etablering i næringa.
Samstundes har regelen enkelte fordelar, hovudsakleg at den gir eit godt høve til å sortere ut useriøse aktørar når neste runde med skjenkeløyve skal delast ut. Om regelen skal fjernast, bør ein i tilfelle ta høgde for dette. Det kan ein til dømes gjere gjennom at meldeplikta statlege instansar som politi og skatteetat har etter alkohollova og serveringslova vert fulgt opp langt betre enn i dag. Dessutan kan ein vurdere ei innstramming av reglane om eigarskifte i dei same lovene, for å unngå stråmannverksemd.
Statsråden har tidlegare uttalt at fireårsregelen skal endrast slik at dei næringspolitiske rammevilkåra for reiselivsnæringa vert betra. I bransjemagasinet Hotell, Restaurant & Reiseliv uttalte statsråden i 2013: "[Høyre vil] endre loven slik at det ikke blir nødvendig å søke på ny om bevilling hvert fjerde år".