Bjørn Jacobsen (SV): Har Noreg utarbeidet eigne lister over terroristorganisasjonar, eller bruker ein samarbeidande lister med andre land; kva kriteria leggast til grunn for at organisasjonar, politiske, internasjonale eller andre skal komme på ei slik liste, og står den kurdiske folkekongressen Kongra-Gel på ei eventuell slik norsk liste, eller for Noreg, internasjonalt samarbeidande/rådgjevande liste?
Begrunnelse
Internasjonalt finnes det ulike former for lister over organisasjonar som kan være ein trussel i høve terrorisme. Det er også ei kjensgjerning at definisjonen mellom kva som er terrorisme og kva som er legitimt politisk arbeid kan være vanskeleg å trekke opp.
Fleire land, FN og EU opererer med slike lister og ut i frå dei kan ein sjå at det legges ulike vurderingar til grunn for korsen organisasjonar som bør stå på slike lister fordi det visstnok er ulike land som står på dei ulike lister.
Det som er viktig i denne samanhengen er at organisasjonar som driver eit legitimt politisk arbeid ikkje hindrast unødig i sitt arbeid ved å urettmessig komme på ei slik liste. Ein vil jo då oppnå å hindre utvikling av folkestyre. Det motsatte av å hindre terrorhandlingar enten dei er statlege eller gjøres av organisasjonar og enkeltpersonar.
Den støtta som for eksempel den norsk fagrørsla og den norske kyrkja ga til motstandskampen i Sør-Afrika kunne ein ha risikert ville bli definert som bidrag til terrorhandlingar og derfor kvalifisert disse folkerørslene til å bli ståande på ei liste av terrororganisasjonar.
Kurdarane sin største organisasjon i Tyrkia, folkekongressen Kongra-Gel har komme på EU si liste over terrororganisasjonar.