Birgit Oline Kjerstad (SV): Kor mange menneske har venta meir enn seks månadar på asylintervju i norske asylmottak, og kva vil justisministeren gjere for å få ned ventetida og sørge for at forvaltningsova sine krav etter § 11 a om at saker skal vere førebudd og avgjort «utan ugrunna opphald» vert fylgt?
Begrunnelse
Samarbeidsrådet for Kirkenes mottakssenter, underskrive av 40 asysøkjarar, skriv i eit brev til SV at mange asylsøkjarar har bodd ved senteret i meir enn to år utan å ha bli innkalla til UDI for asylintervju eller fått saka si handsam. Fleire har prøvd gong på gong å kome i kontakt med UDI utan å få anna svar enn at dei må sjekke nettsida. I brevet fortel dei at det er svært psykisk nedbrytande å vente i så lang tid utan å vite noko om kva som skjer, utan å kunne arbeide, eller gjere noko sjølve for å kome videre i livet. Mange vert drivne inn i djup depresjon og fortviling av å leve i ein uavklara situasjon og med eit minimum å leve av . Sko, klede og den eine puta dei fekk då dei kom til Råde mottakssenter byrjar å bli utslitne og dagpengane rekk knapt til mat.
Sivilombodet kom med ein uttale 28 juni 2024 om «Utlendingsdirektoratets behandlingstid i asylsak», der søknaden om vern hadde blitt liggande sidan mai 2022, heile to år, utan å ha blitt handsama. Søkjaren hadde ikkje vorte kalla inn til intervju, eller fått melding om kvar saka sto, og Sivilombodet kom til at UDI ikkje hadde førebudd og avgjort klagaren si sak utan ugrunna opphald slik lova krev. UDI opplyste at handsamingstida i saka var rein liggetid og at det skuldast ressurssituasjonen og interne prioriteringar. Ut frå opplysningane motteke frå UDI skriv sivilombodet at det er grunn til å tru at det er liknande brot i ei lang rekkje saker som gjeld asylsøknader frå einslege vaksne asylsøkjarar utan kollektivt vern.
I uttalen til sivilombodet står det at det er opplyst frå UDi at dei elleve eldste søknadane der søkjaren enno ikkje er intervjua er frå perioden 8 juni 2021 og 7 mars 2022, og at det i juni 2024 var over 2000 asylsøkjarar som enno ikkje var innkalla til intervju og utviklinga med lengre ventetid har vorte verre dei siste fem åra.