Alfred Jens Bjørlo (V): Kan helseministeren garantere at Helse Vest ikkje bryt lova når dei går til direkte anskaffing av eit system for KI-basert arbeidsplanlegging frå ein eksisterande stor leverandør, etter først å ha gjennomført eit innovasjonskontraktprosjekt med ei gründerbedrift om utvikling av same type løysing, og meiner helseministeren denne framgangsmåten er i tråd med statsrådens oppdragsdokument til Helse Vest om å «...vere ein føreseieleg samarbeidspartnar for næringslivet, under dette bruke høva til innovative offentlege anskaffingar»?
Begrunnelse
Helse Bergen inngikk i 2023 ei innovasjonsprosjektkontrakt med grunderselskapet Dynamon om utvikling av ein plattform for KI-basert arbeidsplanlegging med ei ramme på 15 mill NOK, herunder eit tilskot på 5,9 mill NOK frå Innovasjon Norge. I prosjektet har Helse Bergen brukt 4 200 arbeidstimer på pilotarbeid i å utvikle løysinga.
Som del av førebuingane til å inngå innovasjonsprosjektkontrakten, vart det kartlagt om etablerte aktørar i marknaden kunne tilby ei slik løysing. Svaret var nei.
I sakspapira til Helse Vest sitt styremøte 20. november 2024, går det likevel fram at helseforetaket parallelt med dette har utvikla og no går til anskaffing utan konkurranseutlysing av ei ny løysing for KI-basert arbeidsplanlegging i samarbeid med sin eksisterande IT-leverandør VISMA.
Av VISMA si LinkedIN-side framgår det at det har vore eit tett samarbeid mellom VISMA og Helse Vest om utvikling av løysinga over lang tid – så tett at Helse Vest er kåra til «Årets kunde» av Visma i 2024: ” Sammen med dem har Visma utviklet Opptur Plus, et produkt som allerede etterspørres av mange av våre kunder og som vil effektivisere arbeidet for mange Gat-brukere."
Helseministeren har eit prisverdig engasjement for å utvikle helsenæringane som enorsk eksportnæring, og at det offentlege må bruke si marknadsmakt til å legge til rette for auka bruk av innovative anskaffelsar som vil vere til det beste både for det offentlege helsevesenet og for norsk verdiskaping. I Bergen og på Vestlandet har ein fått til eit forbilledlig samarbeid mellom næringsliv og forskingsmiljø og Helse Bergen om å bygge opp ei sterk helseklynge, der ein viktig del av verdien er at selskapa i klynga får teste ut sine løysingar «ute i felten».
Dersom det viser seg at grunderbedriftene berre blir brukt som «prøvekaniner» av det offentlege helsevesenet før dei sjølve anten utviklar tilsvarande løysingar i eigen regi (ref. Helse Midt) eller kjøper inn tilsvarande løysingar frå store aktørar dei har rammeavtale med frå før, så fell heile poenget med klyngesamarbeid på helseområdet bort. Helseministeren må derfor etter mitt syn sørge for at det no blir «trekt i nødbremsa» i den svært uheldige prosessen med direkte anskaffelse frå eksisterande leverandør som er på gang i Helse Vest knytt til KI-basert arbeidsplanlegging.