Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:87 (2024-2025)
Innlevert: 10.10.2024
Sendt: 10.10.2024
Besvart: 17.10.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Regjeringa rår næringslivet i frå å drive handel og næringsverksemd som bidreg til å oppretthalde dei folkerettsstridige israelske busetjingane i Palestina.
Gjeld denne frårådinga også innkjøpspolitikken til norske kommunar?

Begrunnelse

Utanriksdepartementet har uttalt at boikott av varer og tenester produsert på okkupert område ikkje er i strid med Noreg sin folkerettslege plikter på handelsområdet. Utanriksministeren uttalte 7. mars d.å. at han "fraråder norsk næringsliv å drive handels- og næringsvirksomhet som bidrar til å opprettholde de folkerettsstridige israelske bosettingene".
Norske kommunar og fylkeskommunar driv omfattande innkjøpsverksemd av både varer og tenester. I samband med handsaminga av eit innbyggjarinitiativ har Bergen kommune nylig vurdert spørsmålet om boikott av varer og tenester frå okkupert territorium. Byrådet si vurdering er at «frarådingen først og fremst er rettet mot norsk næringsliv, og ikke kommunal anskaffelsesvirksomhet».
Spørsmålet er om dette er ei riktig tolking av bodskapen til utanriksministeren, eller om regjeringa tvert imot er av den oppfatning av også norske kommunar og fylkeskommunar bør avstå frå handels- og næringsverksemd som bidreg til å oppretthalde dei folkerettsstridige israelske busetjingane.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Noreg har i mange år vore tydeleg på at Israels busetjingspolitikk på Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, er i strid med folkeretten og undergrev moglegheita for ein framtidig palestinsk stat og ei fredeleg løysing på konflikten.
I lys av Israels intensiverte busetjingspolitikk dei siste åra, med nye busetjingsutvidingar og auka busetjarvald mot palestinarar, rådde regjeringa den 7. mars i år norske selskap frå å drive handel og næringsverksemd som bidreg til å oppretthalde dei folkerettsstridige israelske busetjingane.
Rådet er retta mot norsk næringsliv. Det offentlege skal likevel ta omsyn til menneskerettar i samband med offentlege innkjøp og følgje folkerettslege, inkludert menneskerettslege, standardar. Det følgjer til dømes av anskaffingslova § 5 at offentlege oppdragsgjevarar skal ha eigna rutinar for å fremje respekt for grunnleggjande menneskerettar ved offentlege innkjøp, der det er ein risiko for brot på slike rettar.
Kommunane og fylkeskommunane er eigne rettssubjekt som blir styrte av eiga folkevald leiing. Fleire kommunar har fatta vedtak om boikott av varer og tenester produserte på okkupert område.