Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Interpellasjon nr. 39 (2003-2004)
Om å sikra _eit operativt oljevern langs heile kysten_, med bakgrunn i fleire skipsulukker i seinare tid og auken i oljetrafikken frå Russland
Oversendt regjeringen: 23.04.2004
Besvart: 18.05.2004 av fiskeriminister Svein Ludvigsen

Olav Akselsen (A): Fleire ulukker i seinare tid, mellom anna det tragiske "Rocknes"-forliset, syner kor viktig det er å ha eit godt og velfungerande oljevern langs heile kysten. Ved havari er det avgjerande for naturen og dyrelivet at oljevernet fungerer slik at miljøskadane vert minst mogleg. Auken i oljetrafikken frå Russland forsterkar problemet ytterlegare. Det må til ei kvar tid vera tilstrekkeleg med utstyr tilgjengeleg, og utstyret må takast i bruk tidsnok når ulukka er eit faktum.
Kva vil statsråden gjera for å sikra at styresmaktene har nok tilgjengeleg utstyr og god nok beredskap og kontroll, slik at det er eit operativt oljevern langs heile kysten?