Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Interpellasjon nr. 34 (2025-2026)
Kommunar har plikt etter lov om kommunale helse og omsorgstjenester m.m. til å betre levekåra for vanskelegstilte og førebyggje sosiale problem. Helse- og omsorgstenesta skal samarbeide med andre tenester der det er naudsynt for at pasienten eller brukaren skal få eit heilskapleg og samordna tilbod. Når vi les historia i VG den 14. september om dobbeltdrapet i Ski, er det mange som spør seg kva som svikta og kvifor ikkje det offentlege greip inn og gav hjelp tidlegare. Familien budde i eit forfalle hus, under umenneskelege buforhold og utan pengar eller evne til å ta vare på seg sjølve eller kvarandre. Fleire hadde sendt bekymringsmeldingar, men ingen tok tilsynelatande det heilskaplege ansvaret.
Kva gjer statsråden for å unngå liknande historier om manglande hjelp til utsette grupper med personar og familiar som lever under forhold som kan skade deira liv og helse?
Oversendt regjeringen: 16.09.2026
Til behandling

Kjersti Toppe (Sp): Kommunar har plikt etter lov om kommunale helse og omsorgstjenester m.m. til å betre levekåra for vanskelegstilte og førebyggje sosiale problem. Helse- og omsorgstenesta skal samarbeide med andre tenester der det er naudsynt for at pasienten eller brukaren skal få eit heilskapleg og samordna tilbod. Når vi les historia i VG den 14. september om dobbeltdrapet i Ski, er det mange som spør seg kva som svikta og kvifor ikkje det offentlege greip inn og gav hjelp tidlegare. Familien budde i eit forfalle hus, under umenneskelege buforhold og utan pengar eller evne til å ta vare på seg sjølve eller kvarandre. Fleire hadde sendt bekymringsmeldingar, men ingen tok tilsynelatande det heilskaplege ansvaret.
Kva gjer statsråden for å unngå liknande historier om manglande hjelp til utsette grupper med personar og familiar som lever under forhold som kan skade deira liv og helse?