Spørsmål
Alfred Jens Bjørlo (V): EU-kommisjonen fekk nyleg overlevert Draghi-rapporten, som slår alarm om Europa si manglande konkurransekraft og innovasjonsevne samanlikna med Kina og USA. Rapporten foreslår felles strategiar på EU-nivå for å møte dette, mellom anna ei kraftig auka satsing på forsking og utvikling innan nøkkelteknologiar (KI, bioteknologi, kvanteteknologi osv.).
Meiner statsråden Draghi-rapporten er relevant for Noreg, og kva følger bør rapporten få for prioritering av og langsiktig satsing på forsking og utvikling innan nøkkelteknologiar i Noreg?
Les hele debatten