Det ble votert over:
Mindretallsforslag:
Forslag nr. 3 fra Sosialistisk Venstreparti
I lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy gjøres følgende endringer:
§ 9 nytt andre ledd skal lyde:
(2) Den som har løyve etter denne føresegna, skal vere knytt til ein drosjesentral. Løyvehavar skal rapportere dei opplysningane til sentralen som sentralen treng for å ivareta sine plikter etter §§ 9 c og 9 d i denne lova. Alle bestilte drosjeturar skal formidlast gjennom formidlingssystemet til sentralen. Løyvehavar skal sikre at betaling for all løyvepliktig drosjetransport vert registrert i taksameteret i bilen, som skal vere kopla til ein sentral som løyvehavaren er knytt til. For drosjeturar som vert formidla, skal registreringa i taksameteret skje automatisk ved formidling av drosjeturen gjennom formidlingssystemet til sentralen. Løyvestyresmakta kan gi dispensasjon frå krava i dette leddet på vilkår som vert nærare fastsett av departementet i forskrift.
Nåværende andre til femte ledd blir tredje til nytt sjette ledd.