Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
I statsbudsjettet for 2022 blir det gjort følgjande endringar:
|
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
|
2315 |
Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet |
||
|
1 |
(NY) Driftsutgifter, blir løyvd med |
2 168 000 000 |
|
|
502 |
Tariffavtalte avsetjingar m.m. |
||
|
21 |
(NY) Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70,blir løyvd med |
2 000 000 |
|
|
70 |
(NY) Kompetanseutvikling m.m., kan overførast, kan nyttast under post 21, blir løyvd med |
16 500 000 |
|
|
71 |
Opplæring og utvikling av tillitsvalde, blir auka med |
13 200 000 |
|
|
frå kr 208 700 000 til kr 221 900 000 |
Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2022 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemer av LO Stat og YS Stat i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 24. mai 2022.
Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2022 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemer av Akademikerne og Unio i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 24. mai 2022.
Stortinget samtykkjer i at Kongen på vegner av staten kan bringe tvistar i samband med tariffoppgjeret i staten i 2022 inn for Rikslønsnemnda i samsvar med lov 18. juli 1958 nr. 2 om offentlige tjenestetvister § 31 andre ledd.
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.