Det ble votert over:
Innstilling:
Komiteens tilråding
om endringer i yrkestransportloven (behandling av personopplysninger)
I
I lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy gjøres følgende endringer:
§ 7 første ledd annet punktum skal lyde:§ 4 andre ledd bokstav b og c og § 6 tredje ledd gjeld tilsvarande.
§ 11 a skal lyde:§ 11 a. Miljøkrav ved kjøp av køyretøyDepartementet kan i forskrift fastsetje at den som har løyve for persontransport etter lova her, eller løyvefritak, og som får godtgjersle eller einerett for å utføre offentleg teneste, skal stille nærare fastsette energi- og miljøkrav ved kjøp av køyretøy. Kravet gjeld for køyretøy som vert nytta ved levering av den offentlege tenesta.
§ 23 første ledd skal lyde:(1) Fylkeskommunen kan gjere vedtak om at godtgjersle til rutetransport skal gå til eit selskap som administrerer rutesambanda i fylket. § 22 femte ledd gjeld tilsvarande.
Ny § 29 b skal lyde:§ 29 b. Handsaming av personopplysningarOffentlege styresmakter kan handsama personopplysningar, mellom anna personopplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når det er naudsynt for å utføre oppgåver gjevne i eller i medhald av lova her. Det same gjeld for selskap og andre juridiske personar som utfører oppgåver gjevne i eller i medhald av lova, unntatt personopplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 10.
Offentlege styresmakter og selskap eller andre juridiske personar som er gjevne løyve for persontransport med fartøy i rute i medhald av lova § 7, kan handsama personopplysingar når det er naudsynt for å utføre oppgåver innan billettering av køyretøy på ferje. Avgrensingane i første ledd andre punktum gjeld tilsvarande.
Departementet kan gje forskrift om handsaming av personopplysningar, mellom anna om føremålet med handsaminga, kva for opplysningar som kan handsamast, kven som kan handsama opplysningar, vilkår for eventuell utlevering, krav til sletting og vidare handsaming for forsking og statistiske formål.
II
Loven trer i kraft straks.