Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Stortinget ber regjeringa kome attende til Stortinget med framlegg om eit eige visumprogram for forskarar for å gi fleire yrkesakademikarar høve til å arbeide i Noreg.
Stortinget ber regjeringa fremje forslag som forenklar søknadsprosessar, reduserer sakshandsamingstida og sikrar raskare og lettare tilgang til D-nummer/personnummer og høgsikkerheits e-ID for arbeidsinnvandrarar, gründerar og studentar frå land utanfor EØS.
Stortinget ber regjeringa fremje forslag om ei rådgivingsteneste for arbeidsgivarar som ønskjer å rekruttere kompetansemedarbeidarar med etterspurde tekniske, akademiske eller praktiske ferdigheiter frå land utanfor EØS, slik at arbeidsgivarar kan forhalde seg til den rådgivande eininga framfor å måtte hente inn informasjon på tvers av Nav, kommune, Utlendingsdirektoratet og Skatteetaten.