Det ble votert over:
Mindretallsforslag:
Forslag nr. 28 fra Venstre, Miljøpartiet De Grønne
Stortinget ber regjeringa starte arbeidet med ei ny, heilskapleg stortingsmelding om landbruk- og matsystem der helsepolitikk, klima- og naturpolitikk og landbruks- og matpolitikk blir sett i samanheng, og dei beste fagmiljøa på desse områda blir kobla saman. Det overordna målet må vere å peike ut ein langsiktig strategi for omlegging av norsk landbruk til meir langsiktig berekraft, raskare kutt i utslepp av klimagassar, betre folkehelse, strengare krav til dyrevelferd og betre økonomi / betre arbeidskvardag for bøndene. Arbeidet må sjåast i samanheng med EU sin nye mat- og landbruksstrategi «Farm to fork».