Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
om røystingsrådgjevarar
(1) Lova gjeld for røystingsrådgjevarar. Røystingsrådgjevar tyder i lova her ein juridisk person som på profesjonelt og kommersielt grunnlag analyserer opplysningar frå selskap og annan relevant informasjon om selskap med sikte på å gje aksjeeigarar informasjonsgrunnlag for røysting på generalforsamlinga, gjennom undersøkingar, råd eller røystingstilrådingar knytte til utøving av røysterett.
(2) Lova gjeld berre for tenester etter første leddet som gjeld aksjar i selskap som har forretningskontoret sitt i ein EØS-stat, og som har aksjar tekne opp til handel på ein regulert marknad i EØS.
(3) Departementet kan gje forskrift med nærare føresegner om røystingsrådgjevarar.
(1) Lova gjeld verksemd som er driven av røystingsrådgjevarar med forretningskontor i Noreg.
(2) Lova gjeld òg verksemd som er driven av røystingsrådgjevarar frå andre land om:
a) røystingsrådgjevaren har hovudkontor i Noreg, men ikkje forretningskontor innanfor EØS, eller
b) røystingsrådgjevaren driv verksemd i Noreg utan at røystingsrådgjevaren har forretningskontor eller hovudkontor innanfor EØS.
(3) Kongen kan gje forskrift om bruken av lova på Svalbard og fastsetje særlege reglar ut frå tilhøva på staden.
(1) Ein røystingsrådgjevar skal offentleggjere ei tilvising til ei åtferdsnorm som rådgjevaren nyttar, og rapportere om korleis norma er følgd.
(2) Om røystingsrådgjevaren ikkje nytta nokon åtferdsnorm, skal røystingsrådgjevaren gje ei tydeleg og grunngjeven forklaring for dette. Om røystingsrådgjevaren nyttar ei åtferdsnorm, men fråvik nokon av tilrådingane i åtferdsnorma, skal røystingsrådgjevaren angje kva tilrådingar som er fråvikne, grunngje fråvika og opplyse om eventuelle alternative tiltak som er gjorde.
(3) Opplysningar som nemnde i første og andre ledd skal vere offentleg og kostnadsfritt tilgjengelege på nettstaden til røystingsrådgjevaren. Opplysningane skal oppdaterast kvart år.
(4) Opplysningane skal offentleggjerast på norsk eller eit anna språk som er ålment godkjent i finansmarknaden.
(1) Ein røystingsrådgjevar skal kvart år offentleggjere følgjande opplysningar om korleis rådgjevaren førebur undersøkingar, råd og røystingstilrådingar:
a) hovuddraga i dei metodane og modellane som er nytta
b) dei viktigaste informasjonskjeldene som er nytta
c) framgangsmåtane som er innførte for å sikre kvaliteten på undersøkingane, rådgjevinga og røystingstilrådingane og kvalifikasjonane til dei tilsette som deltek
d) om og eventuelt korleis dei tek omsyn til tilhøve i dei nasjonale marknadene og til juridiske, regulatoriske og selskapsspesifikke tilhøve
e) hovuddraga i retningslinene for stemmegjeving som dei nyttar for den einskilde marknaden
f) om dei har dialog med selskapa som undersøkingane, rådgjevinga eller røystingstilrådingane gjeld, og med interessentar i desse selskapa, og i så fall omfanget og karakteren til dialogen
g) retningslinene for førebygging og handtering av potensielle interessekonfliktar.
(2) Opplysningane som er nemnde i bokstav a til g skal vere offentleg og kostnadsfritt tilgjengelege på nettstaden til røystingsrådgjevaren i minst tre år etter datoen for offentleggjeringa. Dette gjeld ikkje opplysningar som allereie er offentleggjorde etter § 3. § 3 fjerde leddet gjeld på tilsvarande måte.
Ein røystingsrådgjevar skal utan opphald identifisere og opplyse kundane sine om faktiske eller potensielle interessekonfliktar, inkludert forretningssamband, som kan påverke førebuinga av undersøkingar, råd eller røystingstilrådingar. Røystingsrådgjevaren skal samstundes opplyse om kva for tiltak som er gjorde for å fjerne, avgrense eller handtere desse interessekonfliktane.
(1) Finanstilsynet fører tilsyn etter finanstilsynslova med verksemd som røystingsrådgjevarar driv etter lova her.
(2) Departementet kan gje forskrift med utfyllande føresegner om plikt til å registrere seg for å drive verksemd som røystingsrådgjevar og opplysningsplikta røystingsrådgjevarar har overfor Finanstilsynet.
(1) Dersom ein røystingsrådgjevar bryt pliktene sine etter lova her eller forskrift gjeven i medhald av lova her, kan Finanstilsynet påleggje rådgjevaren å rette brota innan ei viss tid.
(2) Finanstilsynet kan gje lovbrotsgebyr ved brot på føresegnene i lova her eller føresegner gjevne i medhald av lova her. Lovbrotsgebyret skal ikkje vere høgare enn 10 millionar kroner.
(3) Høvet for Finanstilsynet til å gje lovbrotsgebyr vert forelda fem år etter at brota på føresegnene vart stansa. Fristen vert avbroten når Finanstilsynet gjev førehandsvarsel eller tek avgjerd om lovbrotsgebyr.
(4) Departementet kan gje forskrift med nærare føresegner om pålegg og lovbrotsgebyr.
Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.
om endringar i føretakslovgjevinga (retting av feil m.m.)
I
Lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak blir endra slik:
Lov om registrering av foretak (foretaksregisterloven)
For samvirkeforetak, boligbyggelag og gjensidige forsikringsselskaper skal registeret også inneholde opplysninger om foretaket er underlagt krav til kjønnsrepresentasjon i styret etter lov 29. juni 2007 nr. 81 om samvirkeforetak § 69, lov 6. juni 2003 nr. 38 om bustadbyggjelag § 6-4 a og lov 10. april 2015 nr. 17 om finansforetak og finanskonsern § 8-4 femte ledd. Dersom foretaket er underlagt et krav til kjønnsrepresentasjon, skal registeret også inneholde opplysninger om styremedlemmers og varamedlemmers kjønn, og om de er valgt blant de ansatte etter reglene i lov 29. juni 2007 nr. 81 om samvirkeforetak § 67, lov 6. juni 2003 nr. 38 om bustadbyggjelag § 6-4 og lov 10. april 2015 nr. 17 om finansforetak og finanskonsern § 8-4 tredje og fjerde ledd.
II
Lov 21. juni 1985 nr. 80 om prokura blir endra slik:
Om registrering av prokura gjelder bestemmelsene i foretaksregisterloven.
Annen innskrenkning i prokuristens fullmakt etter § 1 kan ikke registreres (jf. foretaksregisterloven § 3-7 tredje ledd) og heller ikke gjøres gjeldende overfor godtroende tredjemann.
III
Lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper blir endra slik:
Innsideinformasjon etter markedsmisbruksforordningen artikkel 7, jf. verdipapirhandelloven § 3-1, skal ikke sendes Foretaksregisteret.
Tilsvarende gjelder for erverv av aksjer av eller for ansatte i selskap i samme konsern eller foretaksgruppe som nevnt i § 8-7 fjerde ledd nr. 3.
IV
Lov 13. juni 1997 nr. 45 om allmennaksjeselskaper blir endra slik:
(1) Følgende regler om morselskap gjelder også når morselskapet er aksjeselskap: § 3-8, § 6-5, § 6-16 første ledd, § 6-35 femte ledd, § 8-5, §§ 8-7 til 8-10 og § 9-8.
(2) Følgende regler om datterselskap gjelder også for datterselskap med utenlandsk morselskap: § 3-8, § 4-25, § 6-16 første ledd, § 8-7 første og tredje ledd, §§ 8-8 til 8-10, § 9-1 første ledd og § 9-8. Reglene i §§ 4-25 og 6-16 gjelder ikke for utenlandsk datterselskap.
Ved vurderingen av om en avtale er vesentlig etter første ledd skal avtaler som selskapet eller et annet foretak i samme konsern eller foretaksgruppe, jf. § 8-7 fjerde ledd nr. 3, har inngått med samme tilknyttet part i samme regnskapsår, regnes sammen.
Ved avstemningen kan stemmerett ikke utøves for aksjer som eies av den tilknyttede parten eller av et annet foretak i samme konsern eller foretaksgruppe, jf. § 8-7 fjerde ledd nr. 3, som den tilknyttede parten.
6. avtale som omfattes av § 8-7 fjerde ledd første punktum nr. 2 og 3, jf. annet punktum, dersom morselskapet eller den juridiske personen eier samtlige aksjer i selskapet,
Ved vurderingen av om en avtale er vesentlig etter annet ledd skal avtaler som datterselskapet eller et annet foretak i samme konsern eller foretaksgruppe, jf. § 8-7 fjerde ledd nr. 3, har inngått med samme tilknyttet part i samme regnskapsår, regnes sammen.
Innsideinformasjon etter markedsmisbruksforordningen artikkel 7, jf. verdipapirhandelloven § 3-1, skal ikke sendes Foretaksregisteret.
Tilsvarende gjelder for erverv av aksjer av eller for ansatte i selskap i samme konsern eller foretaksgruppe som nevnt i § 8-7 fjerde ledd nr. 3.
V
Lov 19. desember 2003 nr. 130 om Innovasjon Norge blir endra slik:
Lov 18. juli 1958 nr. 2 om offentlige tjenestetvister og lov 16. juni 2017 nr. 67 om statens ansatte mv. gjelder ikke for ansatte i selskapet.
Lov 22. juni 2018 nr. 83 om kommuner og fylkeskommuner § 14-19 gjelder ikke for indirekte garantier som fylkeskommunene stiller overfor selskapet.
Utdeling av selskapets midler til eierne som ikke skjer ved nedsettelse av innskuddskapitalen, jf. § 7 d eller ved oppløsning, jf. § 36 a, kan bare foretas som utdeling av utbytte.
Protokollen skal underskrives av møtelederen og en annen person som velges blant de tilstedeværende.
VI
Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.