Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Stortinget ber regjeringa setje ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere korleis ein kan klårgjere regelverket kring dei eventuelle konsekvensane eit søksmål frå Finansdepartementet mot ei skatteklagenemnd etter skatteforvaltningsloven § 15-2 skal få for skattytar, og der løysinga ikkje må gå utover skattytaren sin rettstryggleik.
Stortinget ber regjeringa sjølv, eller ei arbeidsgruppe regjeringa sett ned, vurdere om rettstryggleiken til skattytar vert svekka av skatteforvaltningsloven § 15-2 fyrste ledd, og om det er fornuftig bruk av skattebetalarane sine pengar å leggje til rette for at staten kan saksøkje eit statleg finansiert organ gjennom denne føresegna, eller om føresegna bør fjernast.