Det ble votert over:
Innstilling:
Komiteens tilråding
om endringar i oreigningslovaI
I lov 23. oktober 1959 nr. 3 om oreigning av fast eigedom blir det gjort følgjande endringar:§ 4 skal lyde:
Eigar til og rettshavar i slik eigedom som er nemnd i § 1, lyt tola at det på eigedomen vert gjort mæling, utstikking og andre førehandsundersøkingar til bruk for eit påtenkt oreigningsinngrep. Ingen må gå i gang med slike førehandsundersøkingar før eigar eller brukar er varsla. Løyve til å gjera førehandsundersøkingar vert gjeve av den styremakt Kongen fastset. I løyvet skal det stå kva tid førehandsundersøkingane kan gjerast.
Om gjennomføringa av førehandsundersøkingar etter fyrste ledd gjeld § 15 i forvaltningslova.
Lid eigar eller rettshavar tap av di førehandsundersøkingar som nemnd i fyrste ledd, gjer skade eller valdar ulempe, har skadelidde rett til skadebot, jf. § 19.
Eit endeleg vedtak som gjev løyve til å gjera førehandsundersøkingar etter fyrste ledd, er eit særleg tvangsgrunnlag etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 13.
§ 19 fyrste ledd fyrste punktum skal lyde:
Skadebot for skade eller ulempe som er valda ved førehandsundersøkingar i samhøve med § 4 fyrste ledd, skal det skjønet fastsetja som fastset vederlag for inngrepet, så framt partane er samde om det.
§ 19 andre ledd fyrste punktum skal lyde:
Vert ikkje inngrepet sett i verk, kan skjønet, så framt eigar eller rettshavar krev det, fastsetja at den ansvarlege for gjennomføringa av førehandsundersøkingane skal vøla skaden i staden for å svara skadebot.
II
1. Lova tek til å gjelde straks.
2. Nytt § 4 fjerde ledd får verknad for vedtak om løyve til å gjera førehandsundersøkingar etter § 4 fyrste ledd som blir gjorde etter at lova tek til å gjelde.