Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden
Gå til voteringsoversikten

Det ble votert over:

Innstilling:

  • Komiteens tilråding romertall I.

    På statsbudsjettet for 2014 bevilges under:

    Kap.

    Post

    Formål

    Kroner

    Utgifter

    1

    Svalbard kyrkje

    1

    Driftsutgifter

    4 360 000

    2

    Tilskot til kulturelle formål m.m.

    70

    Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard

    0

    3

    Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

    70

    Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

    192 953 000

    4

    Tilskot til Svalbard museum

    70

    Tilskot til Svalbard museum

    11 200 000

    5

    Sysselmannen (jf. kap. 3005)

    1

    Driftsutgifter

    42 515 000

    6

    Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

    1

    Driftsutgifter

    165 580 000

    7

    Tilfeldige utgifter

    1

    Driftsutgifter

    2 678 000

    9

    Kulturminnetiltak

    1

    Driftsutgifter

    2 300 000

    11

    Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

    1

    Driftsutgifter

    1 550 000

    17

    Refusjon til Norsk Polarinstitutt

    50

    Refusjon

    3 230 000

    18

    Navigasjonsinnretningar

    1

    Driftsutgifter

    4  000 000

    19

    Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

    1

    Driftsutgifter

    6 510 000

    20

    Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

    1

    Driftsutgifter

    11 600 000

    45

    Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

    3 700 000

    22

    Likningsforvaltninga for Svalbard

    1

    Driftsutgifter

    3 150 000

    Sum svalbardbudsjettet

    Sum departementets utgifter

    455 326 000

    Inntekter

    3005

    Sysselmannen (jf. kap. 5)

    1

    Diverse inntekter

    200 000

    3006

    Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

    1

    Leigeinntekter

    500 000

    3009

    Kulturminnetiltak (jf. kap. 9)

    1

    Diverse inntekter

    0

    3020

    Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

    1

    Diverse inntekter

    4 820 000

    3022

    Likningsforvaltninga for Svalbard (jf. kap. 22)

    1

    Diverse inntekter

    0

    3030

    Skattar og avgifter

    70

    Skattar m.m.

    120 000 000

    71

    Utførselsavgift

    6 000 000

    72

    Utmålsgebyr, årsavgift

    1 026 000

    3035

    Tilskot frå statsbudsjettet

    70

    Tilskot

    322 780 000

    Sum svalbardbudsjettet

    Sum departementets inntekter

    455 326 000

  • Komiteens tilråding romertall II.

    § 1 Bruksområde for vedtaket

    Dette vedtaket gjeld utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2014 etter føresegnene i lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard. Vedtaket gjeld òg som grunnlag for utskriving av forskot på skatt for inntektsåret 2014, jf. lov om skatt til Svalbard § 5-1.

    § 2 Skatt på formue

    Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:

    • a) Personleg skattepliktig og dødsbu:

      Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats).

    • b) Selskap og samanslutning som nemnt i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2:

      Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.

    § 3 Skatt på inntekt

    Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:

    • a) Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalabardskattelova § 3-2:

      Låg sats: 8 pst.

      Høg sats: 22 pst.

    • b) 28 pst. av den delen av selskapsoverskot som er høgre enn 15 mill. kroner, og som overstig summen av

      • 10 gonger kostnadene til løn som blir skattlagd ved lønstrekk

      • 0,20 gonger skattemessig verdi av anlegg, fast eigedom og anna realkapital som er på Svalbard ved utgangen av inntektsåret.

    • c) Anna inntekt: 16 pst.

      Personlege skattytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som omfattast av c. på 20 000 kroner.

    § 4 Avrundingsreglar

    Ved utrekning av skatt skal formue og inntekt avrundast nedover til næraste heile krone.

    § 5 Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold

    Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova §§ 3-1 og 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.

    § 6 Aksjonær i utlandet

    Skatt på utbytte mv. etter skattelova § 10-13, jf. svalbardskattelova § 3-1, vert ilagd med 20 pst.

    § 7 Inntekt etter svalbardskattelova § 6-3

    For inntekt som blir skattlagt etter svalbardskattelova § 6-3, skal satsen vere 8 pst.

  • Komiteens tilråding romertall III.

    Bestillingsfullmakt

    Stortinget samtykkjer i at Justis- og beredskapsdepartementet i 2014 kan bestille varer for inntil 3 mill. kroner ut over den totale løyvinga som er gitt under kap. 5 post 1 på svalbardbudsjettet.

  • Komiteens tilråding romertall IV.

    Meirinntektsfullmakter

    Stortinget samtykkjer i at Justis- og beredskapsdepartementet i 2014 kan overskride løyvinga under

    • 1. kap. 5 post 1 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3005 post 2

    • 2. kap. 6 post 1 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3006 post 2

    • 3. kap. 9 post 1 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3009 post 2.

  • Komiteens tilråding romertall V.

    Meirinntektsfullmakt

    Stortinget samtykkjer i at Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet i 2014 kan overskride løyvinga under

    • 1. kap. 20 post 1 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3020 post 1.

  • Komiteens tilråding romertall VI.

    Meirinntektsfullmakt

    Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2014 kan overskride løyvinga under

    • 1. kap. 22 post 1 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3022 post 2.

  • Komiteens tilråding romertall VII.

    For budsjetterminen 2014 skal det svarast avgift til statskassen av kol som blir utført frå Svalbard, etter følgjande satsar:

    1,0 pst. av verdien for dei første 100 000 tonna,

    0,9 pst. av verdien for dei neste 200 000 tonna,

    0,8 pst. av verdien for dei neste 300 000 tonna,

    0,7 pst. av verdien for dei neste 400 000 tonna,

    0,6 pst. av verdien for dei neste 500 000 tonna,

    0,5 pst. av verdien for dei neste 600 000 tonna,

    0,4 pst. av verdien for dei neste 700 000 tonna,

    0,3 pst. av verdien for dei neste 800 000 tonna,

    0,2 pst. av verdien for dei neste 900 000 tonna,

    0,1 pst. av verdien for dei neste 1 000 000 tonna.

Gå til voteringsoversikten
: