Gå til voteringsoversikten
Det ble votert over:
Innstilling:
Komiteens tilråding
om endringar i havressurslova (avgift til fiskeriforsking og overvaking)I
I lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar blir det gjort følgjande endringar:§ 55 skal lyde:
§ 55 Kontrollavgift og avgift til fiskeriforsking og overvaking
Departementet kan fastsetje forskrifter om kontrollavgift og avgift til fiskeriforsking og overvaking.
Slike forskrifter kan innehalde føresegner om plikt til å svare avgift, korleis ho skal krevjast inn og om opplysningsplikt for den som leverer og den som tek imot fangst når dette er avgjerande for omfanget av avgiftsplikta.
Skuldig avgift er tvangsgrunnlag for utlegg.
II
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.