Det ble votert over:
Innstilling:
Komiteens tilråding
om endringar i offentleglovaI
I lov 19. mai 2006 nr. 16 om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd blir det gjort følgjande endringar:§ 25 overskrifta skal lyde:
Unntak for tilsetjingssaker, lønnsoppgåver m.m.
§ 25 nytt fjerde ledd skal lyde:
Det kan gjerast unntak frå innsyn for skriftleg oppgåve over utrekna lønn eller liknande godtgjering, utrekningsgrunnlag for feriepengar og trekk som blir gjorde ved utbetalinga. Unntaket i første punktum omfattar ikkje opplysningar om bruttoutbetalingar. Innsyn i opplysningar om bruttoutbetalingar kan givast ved oppstilling av opplysningane i eit anna dokument.
§ 26 overskrifta skal lyde:
Unntak for eksamensdokument, forskings-opplysningar og fødselsnummer m.m.
§ 26 nytt femte ledd skal lyde:
Det kan gjerast unntak frå innsyn for fødselsnummer og nummer med tilsvarande funksjon.
II
Lova tek til å gjelde straks.