Det ble votert over:
Innstilling:
Komiteens tilråding bokstav A.
A.om endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.)
I
I lov 19. juni 2009 nr. 44 om kommunale krisesentertilbod blir det gjort følgjande endringar:
§ 2 andre og tredje ledd skal lyde:Tilbodet skal omfatte følgjande:
-
a. eit krisesenter eller eit tilsvarande gratis, heilårs, heildøgns, trygt og mellombels butilbod
-
b. eit gratis dagtilbod
-
c. eit heilårs og heildøgns tilbod der personar nemnde i første ledd kan få råd og rettleiing per telefon
-
d. oppfølging i reetableringsfasen i samarbeid med andre delar av tenesteapparatet, jf. § 4.
Tilbodet skal gi brukarane støtte, rettleiing og hjelp til å ta kontakt med andre delar av tenesteapparatet.
Noverande § 2 tredje til sjette ledd blir fjerde til nytt sjuande ledd.
§ 3 første og andre ledd skal lyde:Kommunen skal sørgje for at tilbodet så langt råd er blir lagt til rette slik at det kjem dei individuelle behova til brukarane i møte. Er tilrettelegging ikkje mogleg, skal kommunen sørgje for likeverdige alternative krisesentertilbod for brukarar som ikkje kan nytte det vanlege tilbodet ved krisesenteret.
Dei særskilde rettane til samiske brukarar skal vare-takast i krisesentertilbodet.
Noverande § 3 andre og tredje ledd blir tredje og nytt fjerde ledd.
Nye §§ 5 a og 5 b skal lyde:§ 5 a Behandling av personopplysningarOrgan som utfører oppgåver etter denne lova, kan behandle personopplysningar, også personopplysningar som nemnde i personvernforordningen artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova. Det same gjeld private som utfører oppgåver etter denne lova.
Brukarar av krisesentertilbodet kan reservere seg mot vidarebehandling av opplysningar til bruk i til dømes statistikk, analysar og forsking.
Departementet kan gi nærmare reglar i forskrift om behandling av personopplysningar, mellom anna om formålet med behandlinga, behandlaransvar, kva for personopplysningar som kan behandlast, utlevering, registerføring, tilgang til register og høvet til vidarebehandling.
§ 5 b Tilgang til teiepliktige opplysningar frå FolkeregisteretOrgan som utfører oppgåver etter denne lova, kan utan hinder av teieplikt innhente opplysningar frå Folkeregisteret som er nødvendige for å utføre oppgåver etter denne lova.
II
-
Lova gjeld frå den tida Kongen bestemmer. Kongen kan setje i kraft dei einskilde føresegnene til forskjellig tid.
-
Departementet kan gi overgangsreglar.
-