Det ble votert over:
Innstilling:
Komiteens tilråding romertall II.
Fullmakt til bompengefinansiering-
1. Stortinget sluttar seg til delvis bompengefinansiering av E16 Arna–Stanghelle.
-
2. Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet Ferde AS får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av E16 Arna–Stanghelle. Vilkåra går fram av Prop. 97 S (2024–2025).
-
3. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet Ferde AS om (del)finansiering av E16 Arna–Stanghelle. Avtalen gir bompengeselskapet rett til å krevje inn bompengar innanfor dei vilkåra Prop. 97 S (2024–2025) set.
-
Komiteens tilråding romertall III.
Statleg delgaranti for bompengelånStortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2025 kan gi Statens vegvesen fullmakt til å gi tilsegn om statleg sjølvskuldnargaranti for inntil 4 900 mill. kroner til finansiering av utbygginga av E16 Arna–Stanghelle i Vestland fylke.
Det er eit vilkår for garantistillinga at Vestland fylkeskommune stiller same type garanti for den resterande delen av det maksimale garantibeløpet på 9 800 mill. kroner. Det blir ikkje kravd garantiprovisjon for den statlege delgarantien.