Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Endringar i statsbudsjettet 2014 under Arbeids- og sosialdepartementet (Tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2014)
Til sakssiden
Stortinget har vedteke tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2014. Ein syner til forskrift fastsett ved kongeleg resolusjon 23. mai 2014 om grunnbeløp, reguleringsfaktorer, satser for minste pensjonsnivå fra 1. mai 2014 og virkningstidspunkt for regulering av kravet til minsteinntekt for rett til dagpenger. Grunnbeløpet er auka frå 85 245 kroner til 88 370 kroner frå 1. mai, det vil seie med 3,67 pst. Uførepensjonistar og andre som får pensjonar og ytingar regulerte gjennom endringar i grunnbeløpet, får dermed ein tilsvarande auke frå same dato. Alderspensjon under opptening blir også oppregulert med 3,67 pst. Alderspensjon under utbetaling blir regulert med lønnsauken på 3,67 pst. og deretter fråtrekt 0,75 pst. Dette inneber at alderspensjonistar får auka pensjonen med 2,89 pst. frå 1. mai 2014.
Saken er ferdigbehandlet
Vedtak i samsvar med innstillingen
Vedtak og henstillinger