Forslag fremmet under første behandling
I barnelova skal § 42 første ledd tredje punktum lyde:
"Dersom ein av foreldra vil flytte, og det er avtale eller avgjerd om samvær, skal den som vil flytte, varsle den andre seinast tolv veker før flyttinga."
I barnelova skal § 36 annet ledd lyde:
"Er foreldra usamde, kan retten avgjere om barnet skal bu fast hos ein av dei eller om barnet skal bu fast hos begge. Retten skal ved avgjerda leggja vekt på det som er best for barnet."
I barnelova skal § 43 annet ledd lyde:
"Foreldra avtalar sjølve omfanget av samværsretten på bakgrunn av kva dei meiner er best for barnet. § 31 andre stykket gjeld for foreldra. I avtale eller avgjerd om samvær skal det mellom anna leggjast vekt på omsynet til best mogleg samla foreldrekontakt, kor gammalt barnet er, i kva grad barnet er knytt til nærmiljøet, reiseavstanden mellom foreldra og omsynet til barnet elles."
I barnelova skal § 36 lyde:
§ 36 Kvar barnet skal bu fast
Foreldra kan gjere avtale om at barnet skal bu fast hos anten ein av dei eller begge.
Er foreldra usamde kan retten avgjere at barnet skal bu fast hos ein av dei. Retten kan likevel avgjere at barnet skal bu fast hos begge.