Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Representantforslag om å sikre det regionale flytilbodet på FOT-rutenettet i Sør Norge

Dette dokument

  • Representantforslag 291 S (2025–2026)
  • Fra: Bård Hoksrud, Trond Helleland, Anne Lise Gjerstad Fredlund, Erling Sande, Remi Sølvberg, Marius Langballe Dalin, Jørgen H. Kristiansen og Grunde Almeland

Merknader

Midlertidig versjon

Til Stortinget

Bakgrunn

FOT-ruter utgjer ein grunnleggande infrastruktur og er ein helt sentral del av samferdsla for store deler av landet. På stader der det øvrige kollektivtilbodet er minst utbygd, fyller kortbanenettet ein sentral funksjon i kollektivtrafikken. Flyrutene er for mange innbyggjarar ein føresetnad for bruk av helse- og utdanningstilbod og andre sentrale velferdstenester. For næringslivet er ofte dei lokale flyrutene ein føresetnad for å kunne vere lokaliserte der dei er. FOT-rutekjøpet medverkar såleis til både busetjing og verdiskaping. Relevante flyruter og god frekvens på desse rutene, er ein viktig føresetnad for å kunne fylle desse funksjonane.

Regjeringa sende 23. april ut innbyding til konkurranse om drift av det regionale flytilbodet (FOT-ruter) i Sør-Noreg for 1. november 2027 til 31. oktober 2031. Her legg regjeringa opp til eit vesentleg svekka flytilbod til og frå mange lufthamner.

Eit dårlegare rutetilbod, med færre tilgjengelege seter og potensielt dårlegare rutetider, vil kunne få store negative konsekvensar for folk og næringsliv. Dagens rutetider mogleggjer dagsreiser både til og frå dei ulike lufthamnene. Dette er det avgjerande at vert vidareført i kommande anbod, i tillegg til at kapasiteten vert oppretthalde og justert til tider der behovet er størst. Samtidig med at frekvens og kapasitet er det viktigaste for folk og næringsliv i distrikta er det også ein viktig føresetnad at billettprisane ligg på eit nivå som gjer det mogeleg å nytte flytilbodet

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremja følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa utarbeide eit nytt anbodsgrunnlag for kjøp av regionale flyruter i Sør-Noreg (FOT-ruter) som sikrar at dagens flytilbod og setekapasitet på dei ulike strekningane vert oppretthalde minst på dagens nivå, med vekt på auka kapasitet på tider med størst behov, utan ei urimeleg prisauke og seinast innan 15. juni 2026 innby til ny konkurranse basert på dette.

13. mai 2026

Bård Hoksrud

Trond Helleland

Anne Lise Gjerstad Fredlund

Erling Sande

Remi Sølvberg

Marius Langballe Dalin

Jørgen H. Kristiansen

Grunde Almeland