Bakgrunn
Pasientreiseordninga er ein viktig del av helsetenesta
og avgjerande for at pasientar i heile landet kan få naudsynt behandling
på ein trygg og verdig måte, og for å sikre retten til likeverdige
helsetenester uansett kor du bur eller kva bakgrunn du har. Pasientreiseordninga
må fungere godt for pasientane og ikkje ha manglar eller ein praksis
som gjer det problematisk eller utrygt for pasientane å bruke henne.
Forslagsstillarane viser til representantforslag frå Senterpartiet,
Dokument 8:98 S (2017–2018), jf. Innst. 196 S (2017–2018), om tiltak
for å forbetre og forenkle pasientreiseordninga og sikre forsvarleg
drosjetransport for pasientar i regi av helseføretaka, og vedtak
615 L (2017–2018):
«Stortinget ber regjeringen foreta en
bred gjennomgang av regelverket for pasientreiser og fremme en sak for
Stortinget med tiltak for å forenkle og forbedre ordningen.»
Forslag til endring av pasientreiseforskriften
blei sendt på høyring i 2024, og ny forskrift er gjeldande frå 3. mars
2025. Dei endringane som er gjort, er gode. Men som fleire høyringsinstansar
tok til orde for i høyringa, svarar ikkje desse endringane opp vedtak
615, og forslagsstillarane meiner at det er behov for fleire endringar
og forbetringar i organiseringa av pasientreiseordninga enn det
som no er innført.
I store delar av Noreg, og særleg i distrikta,
er drosjenæringa sjølve berebjelken i pasientreiseordninga. Dersom
rammevilkåra for drosjenæringa blir svekt, har dette direkte konsekvensar
for pasientar, pårørande, lokalsamfunna og helseføretaka sjølve.
Forslagsstillarane er bekymra for at dagens
pasientreiseordning ikkje er godt nok tilpassa pasientane sine behov
og framleis blir oppfatta som lite brukarvenleg. Eldre pasientar
med svekt helsetilstand kan ofte oppleve pasientreiseordninga som
ei ekstra byrde i møte med helsetenesta. Det blir klaga på kompliserte
refusjonsskjema, uklare vurderingar av kva reiser som blir dekte, og
lange ventetider. Samkøyring gjer at korte reiser kan bli mange
gonger så lange, og belastninga for pasientar som bur lengst vekk
blir uforholdsmessig stor.
Utviklinga heng også saman med frisleppet av
drosjenæringa i 2020, som drosjeutvalets NOU-ar (2023:22 På vei
mot en bedre regulert drosjenæring og 2024:15 En bedre regulert
drosjenæring) dokumenterer tydeleg. Dereguleringa har skapt overetablering
i byar, redusert tilbod i distrikta, arbeidsvilkår som undergrev
seriøsitet, og ein marknad som er dårlegare i stand til å ivareta samfunnskritiske
transportbehov. Når helseføretaka sitt anbodsregime samtidig legg
sterkt vekt på låg pris, blir seriøse aktørar pressa ytterlegare
ut.
Erfaringar frå heile landet viser at prisnivået
i anboda gjerne er sett så lågt at fleire lokale drosjesentralar
i distrikta no vel å ikkje levere tilbod. Dette rammar særleg dei
mest sårbare pasientgruppene, som er avhengige av drosjetransport
for å komme til behandling eller kontroll.
Konsekvensane av for stramme anbodskrav kjem også
til syne i konkrete hendingar, slik som episoden der ein pasienttransport
gikk tom for straum i Finnmark midtvinters. Dette er eit direkte
resultat av at transportørar blir møtt med krav som ikkje tar nok
høgde for lokale forhold.
Ei ytterlegare utfordring er at krav om nullutsleppskøyretøy
i dag blir stilt både av fylkeskommunane som løyvemyndigheit og
av Pasientreiser i eigne anbod. Eit tydeleg og samla ansvar hos
løyvemyndigheita kunne gitt ryddigare rammeverk og sikra at klimakrav
ikkje går på bekostning av pasienttryggleik eller tilgjengelegheit.
Mange av svakheitene i pasientreiseordninga
gjeld også det administrative systemet som framleis kan opplevast
som lite brukarvenleg, og som kan leggje større byrde på sjuke og
eldre enn det som er rimeleg. Pasientar kan miste retten til dekning
av reiseutgifter, eller måtte leggje ut store beløp før refusjon,
noko som særleg blir vanskeleg for personar med låg inntekt eller
dårleg økonomi. I distrikta kan manglande rutetilbod og høge minimumsavstandar
i regelverket gjere at reiser som burde vore dekte, fell utanfor.
Arbeidet i drosjeutvalet og forslaga frå mindretalet understøttar
behovet for ein ny gjennomgang. Mindretalet tilrår blant anna ein
eigenandelsmodell for pasientar i område utan kontrakt, tydelegare
og meir treffsikre reguleringar og betre offentleg styring av drosjemarknaden
slik at pasientar kan vere trygge på at pasienttransporten faktisk
er tilgjengeleg når dei treng det og at transporten skjer på ein
trygg måte.
Samla sett er vurderinga at dagens pasientreiseordning
treng å forbetrast av omsyn til pasientar som er avhengige av slik
transport. Systemet er lite brukarvenleg, og dagens anbodsregime
pressar prisane og kvaliteten ned, kapasiteten er for låg i distrikta,
og ansvarslinene rundt klimakrav og køyretøyregulering er uklare.
Det er difor naudsynt med ein ny og heilskapleg gjennomgang av ordninga,
slik at pasienttryggleik, reisetid, beredskap, føreseielegheit og
seriøsitet blir styrande for pasienttransporten i framtida. Det
skal opplevast trygt og enkelt å nytte seg av pasientreiseordninga
for alle pasientar – i heile landet.