Representantforslag om ei ny og offensiv satsing på arbeidsretta rehabilitering

Dette dokument

  • Representantforslag 30 S (2025–2026)
  • Fra: Kjersti Toppe og Bengt Fasteraune
  • Sidetall: 3

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Kvar femte person i arbeidsfør alder står utanfor arbeidslivet, hovudsakleg av helserelaterte årsaker. Om lag 110 000 unge vaksne står utanfor arbeid eller utdanning; rundt 70 800 får helserelaterte ytingar. Sjukefråvær og fråfall aukar særleg blant unge, til tross for store offentlege ressursar til ulike tiltak. Tiltaksapparatet er ikkje godt nok rigga for dei samansette problema unge møter.

Riksrevisjonen sin gjennomgang av arbeidsretta bistand (Dokument 3:17 (2023–2024) Riksrevisjonen si undersøking om arbeidsretta bistand frå styresmaktene til unge utanfor arbeidslivet) peika på at arbeidsretta bistand frå styresmaktene ikkje bidreg nok til å få fleire unge over i arbeid og utdanning, Vidare at arbeidsretta bistand i dag ikkje er tilpassa unge med samansette utfordringar. Unge med psykiske lidingar får ikkje i tilstrekkeleg grad ei heilskapleg og koordinert oppfølging frå Nav og helsetenesta.

Riksrevisjonen si undersøking av rehabiliteringsfeltet (Dokument 3:12 (2023–2024) Riksrevisjonens undersøkelse av rehabilitering i helse- og omsorgstjenestene) avdekte at kommunane manglar både kapasitet og kompetanse til å utføre dei allereie pålagde rehabiliteringstenestene, og at dette får store konsekvensar for pasientanes helse, arbeidsevne, familieliv og fritid.

Kjenneteikn ved menneske som fell utanfor arbeidslivet, er at dei har samansette utfordringar, ofte med smertar, muskel- og skjelettproblematikk og lettare psykiske lidingar. Desse personane har som regel hatt tilbod om mange enkelttiltak lokalt, utan at dei har hatt ei tverrfagleg tilnærming. Difor er det svært viktig for å redusere utanforskap i samfunnet at ein får på plass langt fleire tilbod der helse og arbeid blir handtert samstundes.

Det trengst eit løft for arbeidsretta rehabilitering

Arbeidsretta rehabilitering (ARR) i spesialisthelsetenesta er eit gruppebasert tilbod basert på 40 års erfaring og forsking. ARR har dokumentert gode resultat, spesielt for personar med lettare psykiske plager, muskel- og skjelettplager og sosiale utfordringar, som framleis har ei arbeidstilknyting. Målet er å få deltakarane tilbake i arbeid gjennom ei heilskapleg tilnærming som kombinerer fysisk aktivitet, undervisning, rettleiing og samtalar. Deltakarane får hjelp til å utvikle meistringsstrategiar og ressursar, med fokus på individuelt tilpassa planar for retur til arbeid. Langvarig døgnbasert ARR gir gode resultat for varig arbeidsdeltaking. Tilbodet er ikkje diagnosespesifikt, men rettar seg mot personar med samansette utfordringar. ARR blir primært levert av ideelle aktørar på oppdrag frå dei regionale helseføretaka, med tilbod for både yrkesaktive og unge vaksne.

I dag er det altfor få både unge og eldre vaksne som får tilbod om arbeidsretta rehabilitering. Det finst kapasitet blant dei eksisterande aktørane til betydeleg fleire plassar. I dette systemet er kostnaden med innkjøp av tenesta knytt til helseføretaka, medan gevinsten kjem innan arbeidssektoren, mellom anna i form av reduserte utbetalingar frå Nav til livsopphald.

Når 70 000 unge får helserelaterte ytingar frå Nav, er det openbert at desse treng helsehjelp for å kome inn i eller tilbake til jobb eller utdanning. Dei treng tenester der helse og arbeid blir sett i samanheng og arbeidd med samstundes. Vista Analyse har berekna kostnaden ved at ein ungdom fell ut av arbeidslivet som 19-åring, til 16,6 mill. kroner per ungdom, samanlikna med ein som blir varig og stabilt i arbeidslivet.

Det er difor stort behov for ei systemendring som fremjar aktivitet og meistring inn mot arbeidslivet og hindrar innlåsingseffektar for trygdeytingar.

Forslagsstillarane meiner det er på høg tid med ei offensiv satsing på ARR som gir langt fleire plassar, særleg til unge vaksne, ei satsing som også sikrar nasjonale standardar og kvalitetskrav gjennom eit nasjonalt kompetansesenter.

Arbeidsretta rehabilitering må skjermast frå anbod

Dagens innkjøpspraksis reduserer kvaliteten og hindrar innovasjon.

ARR i spesialisthelsetenesta blir levert av om lag ti aktørar over heile landet, basert på anbodskonkurranse om delyting R utlyst av dei regionale helseføretaka. I eit helsevesen under press risikerer rehabilitering å bli nedprioritert dersom anskaffingar vektlegg pris (60 prosent) framfor kvalitet (40 prosent). Dagens anskaffingskrav etterspør ikkje systematisk dokumentasjon av tidlegare resultat, tredjepartskvalitetssikring eller miljø- og fagsertifiseringar. Dette trugar mangfald, innovasjon og kvalitetsutvikling og gjer individuell tilpassing vanskeleg i standardiserte anbod.

Unge som fell utanfor, treng oppfølging heilt til dei er stabilt og varig i ein utdannings- eller arbeidssituasjon. For desse tilboda trengst ein heilt annan type tilpassing av tiltak og forlaup enn for vaksne som allereie har tilknyting til arbeidslivet. Slike tenester kan vanskeleg leverast til faste einingsprisar basert på kalkylar med lågast mogleg ressursinnsats.

Formålet med konkurranse var å sikre effektiv ressursbruk, auka kvalitet og innovasjon. Erfaringane viser at vektlegging av lågast pris i praksis gir dårlegare kvalitet. Det finst ikkje klare krav til dokumentasjon av tidlegare resultat eller måloppnåing (retur til arbeid og betre helse). Priskonkurranse basert på lågaste pris per dag svekkjer fagmiljø med dokumentert kompetanse og dempar innovasjon fordi faglege forbetringar ofte kostar meir.

Stortinget har vedtatt å skjerme arbeidsførebuande trening (AFT) frå anbod for å sikre institusjonar med dokumentert kvalitet og ikkje-kommersielle interesser. Tilboda om arbeidsretta rehabilitering i spesialisthelsetenesta deler mange fellestrekk med varig tilrettelagt arbeid (VTA) og AFT, og treng tilsvarande skjerming mot anbod, og styrkt kapasitet.

Forslagsstillarane meiner at å skjerme ARR frå anbod vil vere eit avgjerande bidrag for å få fleire i arbeid framover. Å gå vekk frå anbod vil kunne sikre tilbod som i større grad kan spesialtilpassast personar med samansette utfordringar, bevare og vidareutvikle spesialiserte fagmiljø og auke samfunnsøkonomisk gevinst gjennom redusert utanforskap og lågare trygdeutgifter.

Forenkla innsøkingsregime til beste for pasientane

For å få plass i ARR i dag må fastlege sende tilvising til regional koordinerande eining (RKE), som overprøvande vurderer retten til helsehjelp. I Helse Sør-Øst fekk 39,5 prosent av tilvisingar om rehabilitering avslag ved første handsaming i 2023. Dette blir opplevd som unødig byråkratisk, demotiverer fastlegar og skaper mistillit til tilvisingssystemet. Pasientane tapar ved at ventetid fører til forverring og behov for meir omfattande innsats.

Inntil 2007 var det direkte innsøking til den enkelte institusjonen. I ei tid der sektorovergripande samhandling og samordning stadig blir trekt fram som avgjerande for å løyse samfunnsfloken utanforskap, er tida mogen for å prøve ut effekten av direkte innsøking frå Nav.

Handlingsplan må forankrast politisk

Regjeringa har gitt Helsedirektoratet i oppdrag å utarbeide ein handlingsplan for rehabilitering og habilitering, som oppfølging av den sterke kritikken som kom i Riksrevisjonens rapport (Dokument 3:12 (2023–2024) Riksrevisjonens undersøkelse av rehabilitering i helse- og omsorgstjenestene). Forslagsstillarane meiner at regjeringa må leggje fram denne handlingsplanen for behandling i Stortinget.

Forslag

På denne bakgrunn blir det fremja følgjande

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa sikre ei opptrapping med etablering av langt fleire døgnplassar innan arbeidsretta rehabilitering, inkludert for unge, og årleg rapportere til Stortinget om utviklinga.

  2. Stortinget ber regjeringa skjerme arbeidsretta rehabilitering mot anbod, og sørge for at noverande ideelle fagmiljø får forlengt kontraktar basert på kvalitet.

  3. Stortinget ber regjeringa sørge for at det blir utarbeidd nasjonale standardar og kvalitetskrav for arbeidsretta rehabilitering i regi av Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering.

  4. Stortinget ber regjeringa prøve ut ei ordning med direkte innsøking til arbeidsretta rehabilitering frå Nav.

  5. Stortinget bed regjeringa leggje fram for Stortinget ein konkret og forpliktande handlingsplan for rehabiliteringsfeltet i løpet av 2026 , med mål om å gi alle pasientar som har behov for det, eit likeverdig rehabiliterings- og habiliteringstilbod i heile landet.

5. november 2025

Kjersti Toppe

Bengt Fasteraune