Bakgrunn
Kriser og krig rykkar nærmare. Også i Noreg kjenner mange på
at ein ikkje er så trygge som før. Truslar mot fred og tryggleik
kjem ikkje berre frå faren for tradisjonell krig mellom statar.
Digitale angrep, klimaendringar, helsekriser og låg sjølvforsyning
av mat er reelle utfordringar for Noreg.
Trump som president i USA set norsk sikkerheitspolitikk i eit
nytt lys. Den antatte grunnsteinen for norsk sikkerheit, USAs sikkerheitsgaranti,
er borte. Stormakta som i mange år har blitt kalla «vår nærmaste
allierte» truar nå sine allierte med bruk av militærmakt. USA blir
nå styrt av eit autoritært ytre høgre som har meir til felles med
Putins Russland enn med demokratiske land. Den nye situasjonen viser
eit behov for å tenka nytt om sikkerheits- og alliansepolitikken
og redusera avhengigheita av USA.
Samtidig er dei norske sikkerheitsutfordringane tidlause og definert
av landets geografiske plassering, i kombinasjon med klimaendringar
som opnar havområda utanfor kysten for større trafikk og auka utnytting
av naturressursar. Noreg må forhindra at nordområda utviklar seg
til ei geopolitisk konfliktsone, der stormakter tar seg til rette.
Låg spenning i nord er i Norges kjerneinteresse som stat og nasjon.
Stormaktsrivaliseringa mellom USA, Kina og Russland må dempast og haldast
på avstand så langt det lar seg gjera.
Kombinasjonen av eit sterkt forsvar for folkeretten, ei styrka
nasjonal forsvarsevne, redusert avhengigheit av USA og alliansar
bygd på reelle interessefellesskap bør vera svaret på denne sikkerheitsutfordringa.
Forsvaret har vore bygd ned gjennom fleire tiår, og det vil ta
tid å bygga det opp igjen. Hovudproblemet er mangelen på personell
og at erfarent personell held fram med å slutta i Forsvaret. Det
hjelper lite med store investeringar i dyrt materiell dersom det
ikkje finst folk til å operera, drifta og halda det ved like. Ubalansen
mellom materiell og personell må rettast opp.
For å kunna møta ulike typar av kriser treng me eit motstandsdyktig
folk og samfunn. Sikkerheitspolitikken må ikkje snevrast inn og
militariserast, men sjåast i samanheng med samfunnssikkerheit og
beredskap i brei forstand. Sterke fellesskap, tillit og demokrati
er grunnsteinen i forsvaret av landet. Ein må både ønska og kunna
stilla opp for kvarandre. Busetting, industri og ein godt fungerande
infrastruktur i heile landet er avgjerande for forsvarsevna og totalberedskapen.