Representantforslag om å sikre eit framtidsretta energisystem og tilgang på straum til ny verdiskaping i region Fjordane

Dette dokument

  • Representantforslag 250 S (2024–2025)
  • Fra: Alfred Jens Bjørlo og Ola Elvestuen
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Kvar fjerde kilowatt-time som blir produsert av straum i Noreg, blir produsert i Vestland fylke. Vestland har dei siste åra utarbeidd omfattande planar for korleis fornybar energi kan nyttast til auka verdiskaping i små og store lokalsamfunn, både gjennom utvikling av eksisterande næringsliv og ny grøn industri (Grøn Region Vestland).

Ein stor flaskehals for å kunne realisere desse planane, er mangel på infrastruktur for å ta krafta i bruk. Det gjeld også «kortreist kraft» nær der energiproduksjonen skjer. Eit godt døme på dette er region Fjordane, der utviklinga av industri og næringsliv no stoppar opp på grunn av manglande transformatorkapasitet til å kunne ta straumen i det eksisterande og nyleg utbygde 420 kW-nettet i bruk lokalt og regionalt.

I region Fjordane har det i lang tid vore planlagt ein ny og moderne trafostasjon på Grov i Kinn kommune. Det vil få store, positive ringverknader for heile Sunnfjord-regionen, mellom anna for den viktige næringslivsbyen Florø og industrikommunen Bremanger, og vil gjere det mogleg å realisere grøne næringslivsatsingar med stor samfunnsverdi, av global interesse. Berre i Florø åleine, står no nær 220 MW av nye prosjekt i «nettkø».

Planane om ny trafo på Grov har unison lokal og regional støtte, også frå Vestland fylke, og har over fleire år blitt halde fram som det viktigaste tiltaket staten kan bidra med for å legge til rette for utvikling og industrivekst i regionen.

Også i samband med føreståande elektrifisering av Tampen-feltet utanfor Florø vil påkobling til ein ny trafo på Grov kombinert med ilandføring av kraft frå havvindprosjekt vere ei ønskt løysing. Trafoen kan også koblast på med ei ny linje frå vindparken Guleslettene som ligg nær ved, og der det ligg føre planar om utviding for å auke tilgangen til fornybar energi i regionen ytterlegare.

Likevel har planane om utbygging av trafo på Grov stoppa opp frå Statnett si side. Det gjer også at Equinor har starta planlegging av å elektrifisere Tampen med å bygge kabel heilt frå Ålfoten i Bremanger. Det er ei suboptimal løysing sett i eit samla samfunnsperspektiv, og vil høgst truleg forseinke utbygginga av ny trafo på Grov ytterlegare. Det vil ramme den framtidige kraftforsyninga til industri og næringsliv i regionen hardt.

Forslagsstillarane meiner det er nødvendig å sikre bygging og oppgradering av fleire strategisk plasserte transformatorstasjonar raskare enn det som er planlagt til no. Det er viktig både for å legge til rette for lokal og regional grøn verdiskaping, og for å auke viljen og interessa blant kommunar med energiressursar til å ta i bruk desse ressursane til oppgradering og utbygging av meir fornybar energi.

Dersom ein ikkje frå nasjonalt politisk hald klarer å skjere gjennom og gi styringssignal som sørger for at nøkkelprosjekt for grøn samfunnsutvikling av denne typen blir realisert raskt, så vil det undergrave både mogleghetene for grøn omstilling av Noreg, utvikling og vekst rundt om i regionar i Noreg med god krafttilgang – og bremse viljen og interessa blant norske kommunar for å legge til rette for utbygging av meir fornybar energi.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremja følgjande

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa sørge for at det blir lagt til rette for raskare utbygging av transformatorkapasitet for påkobling til statleg nett i regionar med stor ny og planlagt produksjon av fornybar energi, for å legge til rette for auka lokal og regional verdiskaping og grøn industriutvikling.

  2. Stortinget ber regjeringa legge fram ei sak om å legge til rette for ei koordinert og samfunnsmessig samla best mulig løysing for påkobling til straumnettet i samband med elektrifiseringa av Tampen, ved at dette blir sett i samband med eksisterande planar om utbygging av ny transformatorstasjon på Grov.

10. april 2025

Alfred Jens Bjørlo

Ola Elvestuen