Representantforslag om norsk støtte til etterforsking av krigsbrotsverk på Gaza, Vestbreidda og i Israel

Dette dokument

  • Representantforslag 29 S (2023–2024)
  • Fra: Ingrid Fiskaa, Marian Hussein, Andreas Sjalg Unneland og Kirsti Bergstø
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Hamas gjennomførte brutale terrorangrep i Israel 7. oktober 2023. Meir enn tusen sivile vart drepne i heimane sine og på musikkfestival, og over 200 israelarar vart deretter tatt som gissel av Hamas. Israel har svart med å sleppe tusenvis av bomber over Gaza og nekta den beleira befolkninga tilgang på vatn, mat, straum, medisinar og drivstoff. Etter snart tre veker med bombing har meir enn 5 000 menneske mista livet i det tett folkesette Gaza. Halvparten av befolkninga på Gaza er born, og Redd Barna rapporterer om at eit barn vert drepe kvart kvarter. Dei sivile tapa er store på begge sider av muren.

Ifølgje Genèvekonvensjonanes tilleggsprotokoll 1 er dei krigførande partane forplikta til å skjerme sivile i så stor grad som råd. Sivil infrastruktur som sjukehus og skular har spesielt vern. Vidare er det ulovleg å utsvelte folk. Ifølgje Verdens helseorganisasjon er minst 59 helsesenter på Gaza bomba i løpet av dei to fyrste vekene, FN rapporterer om at skular er treft, og ifølgje Amnesty International er heile familiar utsletta etter bombing av bustadhus. Forholda for humanitære hjelpeorganisasjonar er nærast umoglege og i skrivande stund er 29 FN-arbeidarar drepne.

Tre veker inn i krigen er det mange døme på hendingar som kan vere krigsbrotsverk. Ved nokre av hendingane er det spørsmål knytt til kven som stod bak angrepa, og om det har vore våpenlager eller annan Hamas-infrastruktur knytt til dei sivile stadene eller ikkje.

Den internasjonale straffedomstolen (ICC) vil upartisk kunne etterforske og vurdere om kvar enkelt hending skal verte karaktisert som krigsbrotsverk eller ikkje. Organisasjonar som Amnesty International vil kunne utføre tidleg dokumentasjon.

Sjølv om Israel ikkje har signert Roma-vedtektene, har palestinske sjølvstyresmakter gitt ICC jurisdiksjon til å etterforske på palestinsk territorium. ICC har drive etterforsking i Palestina sidan 2021. ICC har annonsert at dei vil inkludere desse nye krigshendingane i etterforskinga. Amnesty International og andre organisasjonar har starta dokumentasjon.

Den internasjonale straffedomstolen har ved fleire høve rapportert om underfinansiering og manglande ressursar. I januar 2023 vedtok derfor Stortinget at Noreg skulle stille opp med ressursar til den internasjonale etterforskinga av krigsbrotsverk i Ukraina. I statsbudsjettet for 2024 rapporterer regjeringa at Noreg støttar ICC sitt arbeid i Ukraina, blant anna gjennom sekonderingar av to etterforskarar frå Kripos.

Etter at forslagsstillarane oppmoda regjeringa om å stille ressursar tilgjengeleg for ICC i media, uttalte justisministeren til NTB 23. oktober 2023 at Noreg vil stille med ressursar dersom dei får ein førespurnad. Det er bra at regjeringa er villige til å bruke ressursar på å støtte ei etterforsking av krigsbrotsverk på Gaza, Vestbreidda og i Israel. Forslagsstillarane viser samtidig til at det hastar å kome i gang med undersøkingane og at Noreg uoppfordra bør stilla ressursar – både pengar og personell – til rådvelde for eit slikt arbeid.

Forslag

På denne bakgrunnen vert det fremja følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa ta ei leiande rolle i det internasjonale arbeidet for å identifisere, etterforske og straffeforfølgje krigsbrotsverk på Gaza, Vestbreidda og i Israel, og stille med ressursar til Den internasjonale straffedomstolen og frivillige organisasjonar som bidrar til dokumentasjon av krigsbrotsverk.

26. oktober 2023

Ingrid Fiskaa

Marian Hussein

Andreas Sjalg Unneland

Kirsti Bergstø