Representantforslag om marine grunnkart i kystsona
Dette dokument
- Representantforslag 220 S (2022–2023)
- Fra: Birgit Oline Kjerstad, Grete Wold og Ingrid Fiskaa
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Bakgrunn
Havpanelet kom i 2020 med konklusjonen om at havet er viktigare for klimaet enn ein trudde og at det står dårlegare til enn ein trudde. Arealbruksendring er den største trusselen mot biologisk mangfald. Noreg har slutta seg til både Parisavtalen om å kutte klimagassar og naturavtalen i Montreal, som sette mål om 30 prosent vern, 30 prosent restaurering og 100 prosent berekraftig bruk av naturen. Det mest grunnleggande for berekraftig forvaltning er kunnskap om dei komplekse økosystema ein er avhengig av. I arbeidet med meir berekraftig forvaltning og bruk av sjøområda treng ein difor gode, detaljerte kart som er lette å forstå og praktiske å bruke som eit verktøy.
Kystøkologien er for dårleg undersøkt og forstått
Norskekysten har nokre av dei mest produktive havområda i verda. Det er viktige naturtypar, gytefelt, oppvekstområde og leveområde for ei rekke marine artar inne i fjordar og ute mellom øyar og skjer. Dei store, kommersielt utnytta fiskebestandane er det meir kunnskap om enn dei mindre, meir lokale bestandane, som er meir stadbundne, og som har meir flekkevis fordelte gytefelt og leveområde. Kartverket opplyser at Noreg har djupnedata for berre 37 prosent av sjøareala, og at berre 10 prosent av geologien og berre 5 prosent av det biologiske mangfaldet under vatn er kartlagde. For å planlegge og forvalte desse areala betre trengst det eit større kunnskapsgrunnlag og betre kart.
Norskekysten har mykje sjøareal som er dårleg kartlagt
Kommunane forvaltar store fjord- og kystområde i sine arealplanar. Kystlinja er 83 000 km lang, og det er ca. 100 000 km2 sjøområde innafor grunnlinja, fem gongar så stort areal som det samla arealet av ferskvatn i Noreg. Det meste av arealet i sjøen er fleirbruksområde. Med stor vekst i nye havnæringar, og styrkte ambisjonar om å ta vare på biologisk mangfald, er det eit stort behov for betre og meir detaljerte, brukarvenlege kart. Sjølv om ein god del område er kartlagde, er det mange «kvite flekkar» på kartet innafor grunnlinja. Ein må vite nøyaktig kvar dei sårbare og verdfulle naturtypane som tareskog, saltvasskorallar og ålegrasenger er, for å forvalte livet i havet på ein forsvarleg måte. Gode visuelt sjølvforklarande kart med detaljert informasjon om botntypar, rasfare og straumforhold kan gi betre planlegging og gjere det lettare å ta omsyn til livet i havet når tiltak skal gjennomførast.
Pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona
I perioden 2019–2022 vart pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona gjennomført i tre pilotområde, i Stavanger, i Giske og Ålesund og i Skjervøy og Kvænangen. Prosjektet var eit tverrfagleg samarbeidsprosjekt gjennomført av Kartverket, Norges geologiske undersøkelse (NGU) og Havforskingsinstituttet (HI). Fleire departement og fagmiljø, samt aktuelle kommunar og fylkeskommunar var med på å finansiere pilotane, og prosjektet samla og strukturerte data og føretok intervju med målgrupper for å få vite kva potensielle brukarar hadde bruk for i arbeidet sitt. Resultatet vart eit kartverktøy som innheldt ei rekke funksjonar som var bygde på informasjon om djupnedata, terreng, botnforhold, geologi med sedimentkart, landskapskart, kart over kjemisk miljøtilstand, naturtypar, verdfulle habitat, modellar av straum, bølgehøgder, saltinnhald og temperatur. Piloten synte korleis ein kan lage ein heildekkande digital terrengmodell frå land til sjø, og korleis ein kan formidle informasjonen brukarane treng, på ein forståeleg og enkel måte – kart som er lette å bruke til planlegging, forvaltning, fiskeri og målretta forsking. Prosjektet testa også ut ny teknologi og metodar for registrering av data som kan ha ein industriell verdi i form av eksport til andre land. I Prop. 1 S (2022–2023) konkluderte Kommunal- og distriktsdepartementet med at prosjektet hadde utvikla ein modell som kan vidareførast i ei seinare større satsing, og at dei samfunnsøkonomiske gevinstane utan tvil var langt høgare enn kostnadane ved prosjektet.
På tide å lage marine grunnkart for heile kysten
Marine grunnkart i kystsona er geologiske kart i målestokken 1:20 000 og med detaljert informasjon som kan brukast til svært mange praktiske føremål. Marine grunnkart gir kunnskapsgrunnlag for fiskeri, fiskeoppdrett og forvaltning og dannar basisen for kartlegging av biologisk mangfald, naturtypar og miljøtilstand i botnsediment. Karta gir ei god oversikt over ressursar, naturtypar og sårbare artar i sjøområda på ein måte som gjer det enklare å vurdere kva tiltak som kan tillatast kvar, og gjer det lettare for ulike aktørar å ta omsyn når prosjekt i sjøen skal planleggast og gjennomførast. Karta vil også kunne fylle behovet kommunane vil få for å rapportere på status for naturtypar i eit framtidig naturbudsjett og i ein naturrekneskap.
Å få laga marine grunnkart for heile kysten vil vere ei samfunnsøkonomisk lønsam investering som vil gi eit betre kunnskapsgrunnlag for berekraftig bruk av sjøområda, betre og forenkla planlegging av prosjekt og eit nyttig verktøy for målretta forsking og raskare og betre forvaltning.
Forslag
På denne bakgrunnen vert det fremma følgande
Stortinget ber regjeringa om å setje fart på arbeidet med å lage marine grunnkart for alle norske fjordar og kystområde innafor grunnlinja.
Birgit Oline Kjerstad |
Grete Wold |
Ingrid Fiskaa |