Bakgrunn
Regjeringa Solberg
etablerte i 2019 retningsliner for lokalisering av statlege arbeidsplassar
som slo fast at nye og omlokaliserte statlege verksemder i hovudsak
skal lokaliserast utanfor Oslo-området, for å sikre ei fordeling
av statlege arbeidsplassar som medverkar til å utvikle sterke arbeidsmarknader
i alle delar av landet.
Regjeringa Støre
endra nyleg desse retningslinene slik at nye og omlokaliserte statlege
verksemder no heller ikkje skal lokaliserast til andre større byar
i andre landsdelar, som eksempelvis Bergen, Stavanger, Trondheim,
Tromsø eller Kristiansand. Så langt forslagsstillarane er kjende
med, skjedde denne sidestillinga av Oslo og større byar i andre
landsdelar utan ein føregåande prosess eller ei høyring som henta
inn synspunkt og innspel frå dei byane og fylka i regionar utanfor
Oslo-området dette rammar.
Det er svært stor
skilnad på konsentrasjonen av statlege etatar og organ i hovudstaden
og i dei andre byane utanfor det sentrale Østlandsområdet, som no
blir sette i same kategori som Oslo når det gjeld lokalisering av nye
og omlokaliserte statlege verksemder. Byar som Kristiansand, Stavanger,
Bergen, Trondheim og Tromsø er viktige regionale motorarar for heile
fylket/landsdelen dei ligg i. Dei er også naturlege lokaliseringsalternativ
for større etableringar som det elles er vanskeleg å lokalisere
andre stader enn i og rundt Oslo. Eit godt døme er etableringa av
Konkurransetilsynet i Bergen under regjeringa Bondevik II i 2004.
Ei slik etablering hadde ikkje vore mogleg med den nye politikken
for lokalisering av statlege arbeidsplassar som regjeringa Støre
no har innført utan føregåande debatt eller prosess.
For å oppnå ei meir
balansert folketalsutvikling i Noreg i framtida mellom ulike landsdelar,
er byar som Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø
viktige som motorar for utvikling av heile landsdelen dei ligg i
– i samspel med andre byar og regionar i landsdelen/fylket. Det
er unødvendig og kontraproduktivt av regjeringa å skape splitting
og splid mellom dei større byane utanfor Oslo-regionen og mindre
og mellomstore byar og bu- og arbeidsmarknader i dei same landsdelane.
Å legge større nye
statlege etableringar og omlokaliseringar til desse byane som alternativ
til den store opphopinga av statlege etatar og organ i Oslo-regionen,
kan i mange tilfelle vere ei tenleg løysing. Det er sjølvsagt viktig
å sørge for at dei etableringane som kan leggast til mindre byar
og tettstader blir lagde dit, slik som til dømes regjeringa Bondevik
II gjorde med utflyttinga av Fredskorpset/Norec til Førde i Vestland
i 2004. Samtidig må det visast større fleksibilitet når det gjeld
jobbstad for den einskilde arbeidstakar i statlege etatar.
Forslagsstillarane
meiner difor det er feil av regjeringa å sette større byar i regionane
rundt om i Noreg i same kategori som Oslo når det gjeld i kva byar
ein av prinsipp skal unngå å lokalisere nye statlege verksemder.