Representantforslag om ny handsaming av søknaden til kvinner frå Iran som har fått avslag om opphald i Norge
Dette dokument
- Representantforslag 58 S (2022–2023)
- Fra: Olaug Vervik Bollestad, Ingvild Wetrhus Thorsvik, Seher Aydar, Lan Marie Nguyen Berg, Irene Ojala og Grete Wold
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Bakgrunn
På norske asylmottak lever det 23 kvinner frå Iran som har fått avslag på søknaden sin om vern.
Det er også fleire kvinner som ikkje opphalder seg i mottak, som er i same situasjon.
Nokon har søkt vern i Noreg fordi dei har vore aktive motstandarar av det iranske regimet, andre fordi dei har rømd frå tvangsekteskap eller andre «moralforbrytingar» i Iran.
Drapet på Jina (Masha) Amini og etterfølgande landsomfattande demonstrasjonar har sett den iranske menneskerettssituasjonen generelt og rettane til kvinner spesielt på dagsorden. Drapet på Amini var ikkje eit eingongstilfelle, men tvert imot eit symptom på ei strukturell undertrykking av kvinner i Iran. Amini vart drepen av moralpolitiet i Iran fordi dei meinte at ho ikkje bar hovudplagget sitt rett i det offentlege rommet. Moralpolitiet er oppretta for å passe på at kvinner ter seg akkurat slik regimet vil, og dei følgjer med på kvart eit skritt og ord i det offentlege rommet. Det er farleg å vere kvinne i Iran om ein trosser påboda til regimet, om man er imot regimet eller på anna måte markerer rettane til kvinner.
Tusenvis av kvinner og menn rundt om i heile landet har tatt til gatene i protest mot eit regime som systematisk undertrykker kvinner. Protestane er møtte med hard hand. Demonstrantar er arresterte, torturerte og drepne. Det er farleg å ytre seg i Iran.
23 iranske kvinner har søkt om vern i Noreg fordi dei har handla slik at moralpolitiet kan ta dei, eller fordi dei har ytra seg kritisk til regimet. Utlendingsstyresmaktene meiner det er trygt å returnere desse til Iran. Sjølv fryktar dei for sitt liv og har klaga på avslaga. Enkelte har levd lenge på eit eksistensminimum i norske asylmottak utan grunnleggande rettar. Fleire av dei har levd slik i over 10 år.
I 2015 var det ei større gruppe iranarar som søkte asyl i Noreg. Den gong la Utlendingsdirektoratet (UDI) til grunn at
«personer som antas å ha et beskyttelsesbehov er personer fra alle grupperinger og leire som ytrer seg på en måte som ikke tolereres av den konservative makteliten, frontfigurer og organisatorer i demonstrasjoner, ordinære demonstranter som kan sannsynliggjøre at de er ettersøkt av myndighetene, kvinneaktivister, konvertitter i utsatte posisjoner, samt kvinner som risikerer kjønnsbasert forfølgelse.»
Dei brutale handlingane de siste vekene tyder på at UDI har rett og at situasjonen langt ifrå har betra seg.
Forslag
På denne bakgrunnen blir det fremma følgjande
Stortinget ber regjeringa sikre ny handsaming av søknadene om opphaldsløyve til dei 23 kvinnene frå Iran som lever på norske asylmottak og har fått avslag.
Olaug Vervik Bollestad |
Ingvild Wetrhus Thorsvik |
Seher Aydar |
Lan Marie Nguyen Berg |
Irene Ojala |
Grete Wold |