Forslagsstillar peikar
på at Forsand kommune var ein kommune som, fram til 31. desember
2019, omkransa heile Lysefjorden i Rogaland. 1. januar 2020 vart
kommunen, med unntak av delar av nordsida, slått saman med Sandnes
kommune. Delar av nordsida av Lysefjorden vart frå same tidspunkt
grensejustert til Strand kommune.
Kommunestyret i Forsand
vedtok sommaren 2016, med 9 mot 8 representantar, å søkje om samanslåing med
Sandnes kommune. Våren 2017 snudde fleirtalet i kommunestyret, og
ein ynskte nå å stanse samanslåinga med Sandnes. I desember 2018
vedtok Kommunal- og moderniseringsdepartementet, etter eit innbyggarinitiativ,
å grensejustere delar av nordsida av Lysefjorden til Strand.
Sommaren 2021 søkte
ei aksjonsgruppe på Forsand om grensejustering av resten av gamle
Forsand (Forsand-delen av nye Sandnes kommune) til Strand. Ei grundig
utgreiing i regi av Statsforvaltaren i Rogaland vinteren 2022, på
oppdrag frå departementet, framstilte ei slik grensejustering som
formålstenleg. Også fleirtalet blant innbyggarane på Forsand var
tydeleg. 78 prosent av dei røysteføre svarte i Statforvaltaren si
undersøking. Av desse svarte 54 prosent at dei vil til Strand. I
juni 2022 fatta også fylkestinget i Rogaland eit vedtak om å tilrå
ei slik grensejustering. Kommunal- og distriktsdepartementet vedtok
22. juni 2022 at Forsand-delen av nye Sandnes likevel ikkje skulle
grensejusterast.