Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innhold
Bakgrunn

Bakgrunn

Forslagsstillar peikar på at Forsand kommune var ein kommune som, fram til 31. desember 2019, omkransa heile Lysefjorden i Rogaland. 1. januar 2020 vart kommunen, med unntak av delar av nordsida, slått saman med Sandnes kommune. Delar av nordsida av Lysefjorden vart frå same tidspunkt grensejustert til Strand kommune.

Kommunestyret i Forsand vedtok sommaren 2016, med 9 mot 8 representantar, å søkje om samanslåing med Sandnes kommune. Våren 2017 snudde fleirtalet i kommunestyret, og ein ynskte nå å stanse samanslåinga med Sandnes. I desember 2018 vedtok Kommunal- og moderniseringsdepartementet, etter eit innbyggarinitiativ, å grensejustere delar av nordsida av Lysefjorden til Strand.

Sommaren 2021 søkte ei aksjonsgruppe på Forsand om grensejustering av resten av gamle Forsand (Forsand-delen av nye Sandnes kommune) til Strand. Ei grundig utgreiing i regi av Statsforvaltaren i Rogaland vinteren 2022, på oppdrag frå departementet, framstilte ei slik grensejustering som formålstenleg. Også fleirtalet blant innbyggarane på Forsand var tydeleg. 78 prosent av dei røysteføre svarte i Statforvaltaren si undersøking. Av desse svarte 54 prosent at dei vil til Strand. I juni 2022 fatta også fylkestinget i Rogaland eit vedtak om å tilrå ei slik grensejustering. Kommunal- og distriktsdepartementet vedtok 22. juni 2022 at Forsand-delen av nye Sandnes likevel ikkje skulle grensejusterast.