Representantforslag om å sikra at innbyggjarane i Nordvik, Søfteland og Kalandseid slepp å betale bompengar for ein veg dei ikkje nyttar

Dette dokument

  • Representantforslag 251 S (2021–2022)
  • Fra: Helge André Njåstad og Silje Hjemdal
  • Sidetall: 1
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

I handsaminga av Prop. 134 S (2013–2014) Utbygging og finansiering av E39 Svegatjørn–Rådal i Hordaland slutta Stortinget seg til utbygging og finansiering av denne delen av E39. I innstillinga om saka uttala transport- og kommunikasjonskomiteen følgjande (Innst. 37 S (2014–2015)):

«Komiteen ser at det ligg lokale vedtak knytt til ønske om fritak for innbyggjarar som synest å kunne få ei urettmessig høg belastning ved dei planlagde bomplasseringane. Komiteen viser til at nytteprinsippet skal liggje til grunn for innkreving av bompengar, og at det berre unntaksvis skal setjast opp bom på sidevegnettet. Komiteen viser til at det i denne saka for nokre lokalmiljø må sikrast løysingar som gjer at det er samanheng mellom betaling og nytte for vegen. Komiteen meiner at det bør arbeidast vidare med å finne ei løysing på problemstillinga i denne saka fram til bompengeinnkrevjinga skal ta til. Det vil også vere naturleg å sjå dette i samanheng med den varsla omorganiseringa av bompengestrukturen. Komiteen vil vidare understreke betydninga av at ein vel løysingar for bompengeinnkrevjing som i størst mogleg grad bidrar til å halde på ordninga si legitimitet.»

Innbyggjarar og næringsliv som er lokaliserte på dei to sidevegane til ny E39 på kommunegrensene mellom Bergen og Bjørnafjorden er uroa over at det enda ikkje er fremma ei løysing som sikrar at desse to velfungerande samfunna med masse samhandling innanfor skule, barnehage, idrett, fritid og næring ikkje skal bli delte av ein bomstasjon som vil innebera at små daglege turar på vegen vil utløysa store utgifter til bompengar. For næringslivet kan også desse bomstasjonane fjerna store delar av næringsgrunnlaget.

For forslagsstillarane er det viktig å få på plass ei løysing før vegen opnar i haust. Forslagsstillarane sitt primære ynskje er å fjerna bompengar på sidevegane, subsidiært ei løysing som varetek lokaltrafikken på sidevegane.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremma følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa syta for at det ikkje blir kravd inn bompengar på sidevegane til E39 mellom Bjørnafjorden og Bergen.

19. mai 2022

Helge André Njåstad

Silje Hjemdal