Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Representantforslag om sletting av Ukrainas statsgjeld

Dette dokument

  • Representantforslag 226 S (2021–2022)
  • Fra: Ingrid Fiskaa, Lars Haltbrekken, Andreas Sjalg Unneland, Kari Elisabeth Kaski og Kirsti Bergstø
  • Sidetall: 1

Til Stortinget

Bakgrunn

Samtidig som Ukraina er utsett for eit brutalt og folkerettsstridig angrep frå Russland, og landet og økonomien er på randa av kollaps, betaler landet framleis ned på statsgjelda si. Det ukrainske folket kjempar for liva sine og må handtera store øydeleggingar og humanitære behov. Likevel strøymer nødvendige ressursar ut av landet og inn i lomma på kreditorar.

Ukrainas eksterne statsgjeld er på 54 mrd. dollar. 7,3 mrd. dollar skal betalast allereie i år. Over halvparten av gjelda skulda dei til private långivarar som bankar og hedgefond, resten skuldar dei til multilaterale institusjonar som Det internasjonale pengefondet (IMF), Verdsbanken og Den europeiske investeringsbanken.

Gjelda er i amerikanske dollar. Derfor har fallet i verdien til den ukrainske valutaen gjort det endå vanskelegare å betala tilbake lånet midt under krigen. Faren for misleghald er stor. I etterkant av den russiske invasjonen har responsen til dei multilaterale organisasjonane vore endå fleire lån til Ukraina på rundt 2 mrd. dollar, på toppen av landet si allereie lite berekraftige gjeld.

Ukraina skal ikkje måtta senda ressursane sine ut av landet til rike kreditorar når dei treng dei som mest. Noreg bør derfor arbeida for at kreditorane stansar innbetalingskrav umiddelbart i tillegg til å sletta og restrukturera ukrainsk statsgjeld. Noreg er sjølv bidragsytar i IMF og Verdsbanken og har direkte påverknad i desse institusjonane.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremja følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa ta initiativ overfor Det internasjonale pengefondet og Verdsbanken for å stansa krav om innbetaling av ukrainsk statsgjeld og vidare sletta og restrukturera gjelda.

8. april 2022

Ingrid Fiskaa

Lars Haltbrekken

Andreas Sjalg Unneland

Kari Elisabeth Kaski

Kirsti Bergstø