Klimaplan for 2020–2030
legg store ambisjonar for korleis Noreg må forvalte sine verdiar
for å nå dei ambisiøse klimamåla landet har sett. Ein må ta tak
i alle sektorar for å nå måla, og byggsektoren er ein viktig del av
dette biletet. Denne sektoren står for om lag 40 prosent av det
globale energiforbruket og om lag 30 prosent av dei globale klimagassutsleppa.
Byggjevarene utgjer over 80 prosent av utsleppa frå sektoren. FNs klimapanel
(IPCC) viser til at ein stor del av bygningsmassen som finst i dag,
vil eksistere i 2050 òg, og at å rehabilitere og oppgradere noverande
bygningsmasse difor er viktige bidrag for å redusere utsleppa frå sektoren.
Men også gjenbruk av material frå bygg og anlegg som ikkje lenger
er hensiktsmessige å vidareføra, og som derfor skal demonterast,
vil vera viktig i åra frametter.
Næringa sjølv tek
til orde for tydelege krav og føreseielege rammevilkår som rammar
likt for heile næringa. Og ein opplever at tidlegare endringar har
ført til stor innovasjon og teknisk utvikling, og at bransjen evnar
å tilpasse seg nytt regelverk. Dette fører også til nye forretningsidear
og nye verdikjeder.
Frå klimaplanen kan
ein lese:
«Aukande velstand
og forbruk gjer at bruken av ressursar i verda ikkje er berekraftig.
Det er difor nødvendig å utnytte ressursane på ein betre måte enn
det som blir gjort i dag. Dette er hovudgrunnlaget for EUs handlingsplan
for sirkulære økonomi der bygg og anlegg er peikt på som eitt av
sju prioriterte område. Noreg har som eitt av miljømåla sine at
auken i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske
veksten, og ressursane i avfallet skal utnyttast best mogleg gjennom materialattvinning
og energiutnytting. EUs rammedirektiv om avfall er ein del av EØS-avtalen
og set krav til at 70 prosent av ikkjefarleg bygg- og anleggsavfall
skal gå til ombruk og attvinning i 2020. Dette kravet greier vi ikkje
i dag, og i 2018 gjekk i underkant av 43 prosent av totalt byggavfall
til materialattvinning. Skal vi nå målet, må materialane ha ein
kvalitet som gjer dei eigna for ombruk og materialattvinning. Ei
framtidig regulering må difor leggje til rette for dette og samtidig
hjelpe til med å redusere framtidige avfallsmengder samanlikna med
nivået i dag. I samband med innspel til arbeidet med strategien
for sirkulær økonomi har Klima- og miljødepartementet fått utarbeidd
eit kunnskapsgrunnlag av Deloitte. I grunnlaget blir det peikt på
at bygg- og anleggssektoren er ein av sektorane med størst potensial
for auka sirkularitet, mellom anna på grunn av det høge avfallsvolumet.»
Og vidare:
«Regjeringa har utarbeidd
felles klima- og miljøambisjonar for statlege bygg og eigedommar
i sivil sektor. Ambisjonane skal gjelde for staten både som byggherre, eigedomsforvaltar
og leigetakar:
-
Staten skal utnytte
noverande bygningsmasse og sikre gjenbruk av fråflytta eigedom.
-
Staten skal bruke
tidlegare bygningsmaterialar om att og leggje til rette for at også
andre kan bruke materialar frå statlege bygningar om att.»
Og til sist:
«Byggjematerialane
representerer ein stor ressurs. Byggjematerialane gir store utslepp
når dei blir produserte. Det er følgjeleg eit stort potensial i
å bruke materialar om att framfor å produsere nye.
Ved systematisk å
bruke byggjematerialar om att vil byggjevarene som blir produserte,
få lengre levetid. Dei vil hjelpe positivt i økonomien i lengre
tid før dei ikkje lenger kan fylle funksjonen sin og må resirkulerast.
Det betyr vidare at staten i mindre grad kan innrette ressursbruken
sin etter nye bygningsmaterialar og i større grad må planleggje
korleis materialane kan takast ut av eksisterande bygg på ein skånsam
måte, og demontere på eit vis som sikrar materialane vidare levetid.
Staten blir dermed å rekne som ein byggjevareprodusent etter gjeldande
regelverk og må sikre at kvaliteten på materialane som blir tilbodne
til vidare bruk, er varetekne og dokumenterte. Vidare bruk av materialane
– i andre statlege bygg eller i private bygg i Noreg eller i utlandet
– vil skape verdiar der materialane får den nye plasseringa si.
Klimafotavtrykket til bygga der brukte materialar inngår, vil vere
redusert samanlikna med fotavtrykket til bygg av nytilverka materialar
sidan å produsere nye, tilsvarande materialar gir større utslepp.»
Demonteringsbransjen
ytrar eit behov for kompetanseheving blant sine tilsette og auka
status og attraktivitet for yrket. I tillegg er sektoren prega av
mykje midlertidig arbeidskraft og ein høg del utanlandsk og ufaglært
arbeidskraft. Skal ein få utnytta det enorme potensialet som ligg
i gjenbruk i bygg- og anleggsbransjen, er ein avhengig av å heve
statusen og kompetansen og styrke rekruttering og utdanningsløp
inn i bransjen. Gjenbrukskompetanse støttar opp under FNs berekraftsmål,
og auka kompetanse vil bidra til betre å nå måla på kort og lang
sikt.
Kompetanse bransjen
sjølv peikar på som viktig for demontering og gjenbruk, er:
I det grøne skiftet
er kompetanseheving og utvikling av nye og meir effektive løysingar
som senkar klimafotavtrykket, sentralt. For å sikre fungerande sirkulærøkonomi
i bygg- og anleggsbransjen trengst det omfattande kompetanseheving
i heile verdikjeda frå råvareproduksjon og sertifisering, til planlegging
og ferdigstilling av prosjekt, demontering og gjenbruk.
Riktig kompetanse
får ein gjennom gode, relevante og arbeidslivsnære opplærings- og
utdanningsløp. For å gi høve til ein veg inn i yrket for både unge
og vaksne arbeidstakarar og arbeidsledige på jakt etter jobb, er
det viktig at opplærings- og utdanningsløpa spenner breitt, og har
gode vegar inn til fullføring av opplæringsløp eller formalisering
av kompetanse. Då må ein sikre at ein kan lære heile livet, og at
det å ta fag og utdanning bør vere mogleg for folk uavhengig av
livssituasjon og alder. Fullføringsreforma som regjeringa Solberg
la fram våren 2021, sikrar ein rett til fullført vidaregåande opplæring
for alle, og høve til rekvalifisering til nytt fagbrev. Dette er
eit viktig grunnlag å bygge vidare på i arbeidet med å sikre auka
kompetanse til demonteringsfaget. Saman med strategien for fleksibel
og desentralisert utdanning, Høgres nye forslag til ein ny måte
å tenke vidaregåande opplæring for vaksne og kompetansereforma «Lære
heile livet» gir dette eit utgangspunkt for å tenke nytt når det
gjeld kompetanseheving inn mot denne bransjen.
For at opplærings-
og utdanningsløp kan ta vare på, og løfte forståinga for, sirkulærøkonomi
og berekraft i ulike bransjar, er det viktig at både utdanning og
etter- og vidareutdanning for lærarar og undervisarar har tilstrekkeleg
merksemd om berekraftsmåla og arbeidet med å følgje opp læreplanens
overordna del som omtaler berekraftig utvikling som eit tverrfagleg
tema i skulen. Særleg er det i perspektivet i denne saka viktig
å sikre ei brei forståing av berekraft i yrkesfaglege utdanningsprogram
i vidaregåande og fagskuleløp retta mot bygg- og anleggsbransjen.
Krav til kunnskap
og kompetanse bidrar til å heve statusen og profesjonen generelt,
dette gjeld òg i bygg- og anleggsbransjen. Det er nødvendig å gjere
ei heilskapleg vurdering av kva krav som skal stillast, og på kva nivå
utdanninga skal ha eit tilbod.
Det er mangel på
fagarbeidarar i ei rekke bransjar og sektorar, men også låge elevtal
i distrikta og mange vaksne med restarbeidsevne som står utanfor
arbeidslivet. Det kan vere eit potensial i å rekruttere nye arbeidstakarar
inn i bygg- og anleggsbransjen gjennom kvalifisering eller omskolering
av arbeidssøkjande i Nav-porteføljen.
Det er ei rekke grep
som kan takast for å auke forståinga for korleis demontering og
gjenbruk kan vere viktige brikker i å sørge for forsterka sirkulærøkonomi
og auka berekraft i bygg- og anleggsbransjen. Mellom anna bør det
vurderast korleis desse utdannings- og opplæringsordningane kan
vere vegar til formalisering av kompetanse for dei som jobbar, eller
ønsker å jobbe med demontering og gjenbruk i bygg- og anleggsbransjen:
Samstundes er det
viktig at merksemd på sirkulære prosessar og ombruk er ein del av
alle kompetanseledd i verdikjeda i bygg- og anleggsbransjen, frå
designar, ingeniør, byggeleiar og bas til demonteringsarbeidar.
Formelle krav til kunnskap og kompetanse vil òg løfte yrkesstatus
som demonteringsarbeider, jamne ut lønsskilnader, og med det gi
auka attraktivitet for dyktige arbeidstakarar som ønsker å vere
ein viktig del av det grøne skiftet. Ei forsterka berekraftig omstilling
innan bygg og anlegg vil ikkje berre spare miljøet for store utslepp, men
også etablere nye verdikjeder og forretningsmodellar som kan danne
grunnlag for nye grøne arbeidsplassar samstundes som kompetansen
ein opparbeider, kan bli ein eksportartikkel i åra som kjem.