Ålesund er regionsenteret
mellom Trondheim og Bergen og er hovudbyen for alle kommunane i
Sunnmørsregionen. Svært mange av dei viktige funksjonane av offentlege
tenester ligg i Ålesund- og Moa-området. Det fører til at så mange
som 50–80 000 innbyggjarar frå kommunane kring og i Ålesund må til
Ålesund for å kunne nytte tenester som sjukehus, tannlege og offentlege
etatar som til dømes Statens vegvesen.
Ålesundregionen er
ein av dei sterkaste næringsregionane i landet, og gode transportårer
for trafikken gjennom dette området er svært viktig. Trafikken må
gå effektivt frå både Søre Sunnmøre, Indre Sunnmøre, Nordre Sunnmøre
og vidare ut av området mot Bjorli via E136 Romsdalen. Det er ikkje
bysentrum i Ålesund som er utfordringa i området, men det er ny
Lerstadveg, og ny E39 Blindheim–Breivik, to store flaskehalsar.
Dette gjeld òg ikkje minst vegen vidare mellom Moa og Digerneset
og vidare til Romsdalen via E136.
Bypakke Ålesund er
no fokusert på miljø- og klimatiltak i byen, finansiert av bilistane
og næringslivet i heile regionen. Mange av tiltaka vil ikkje dei
som betaler bompengane for bypakka, få nytte av i det heile. Mange av
bilistane vil ikkje køyre èin meter på prosjekt som vert sett i
verk som følge av bypakka.
Finansieringa av
bypakke Ålesund er basert på innkrevjing frå bompengar frå dei som
brukar byen, men i hovudsak frå dei som berre køyrer til, gjennom
og forbi. Innkrevjinga av bompengar, og statlege, fylkeskommunale
og kommunale midlar, er tenkt brukt til finansiering av bypakka.
I tillegg er det lagt til grunn at all meirverdiavgift som staten
refunderer for prosjektet, og tiltaka i bypakka skal førast tilbake
til bypakke Ålesund.
Bypakkefinansieringa
er bygd opp av statlege midlar på 620 mill. kroner, fylkeskommunale
og kommunale tilskot på 135 mill. kroner, refusjon av meirverdiavgift på
140 mill. kroner, og bompengar på heile 3 128 mill. kroner. Bypakka
har med andre ord ei kostnadsramme på om lag 4 mrd. kroner, og skal
i all hovudsak betalast av folk flest og næringslivet i regionen.
Det er massiv motstand
i befolkninga og næringslivet mot denne usosiale og svært dyre bompengepakka, som
fleirtalet av befolkninga absolutt ikkje har bedt om. 65 prosent
i Sula kommune, som er Ålesund sin største og næraste nabo, er sterkt
mot bypakka. I Ålesund og Giske er 51 prosent sterkt mot bypakka,
og så få som 23 prosent av innbyggjarane her ynskjer at bypakka
skal gjennomførast. Heile 60 prosent av innbyggjarane i Ålesund
meiner det i dag er godt tilrettelagt for fotgjengarar.
Ålesund by skal teppeleggjast
med bomstasjonar som skal påføre innbyggjararne ein ekstraskatt
på om lag 15 000 kroner i året med rabattkort. Dei fleste småbarnsfamiliar
har til dømes to bilar for å få kvardagen til å henge i hop, og
vil dermed kunne få så mykje som 30 000 kroner årleg i bompengeutgifter.
Dette kjem på toppen av skyhøge drivstoffutgifter, som no er over
20 kroner literen, høge straumprisar, høge skattar og avgifter,
som til dømes auka eigedomsskatt som «raudingane» har påført innbyggjarane
i Ålesund.
Det vert bomstasjonar på Klipra,
Volsdalen, Lerstadvegen, Hatlaåsen, Lerstadtunellen, Breivika, Moa,
Olsvika, Liljedahlen, Blindheimsbreivika og Brusdalsvegen. Alle
vert sett opp for å mure Ålesund og Moa inn i ein bomring, som fører
til at ingen kan køyre igjennom utan å verte belasta med betydelege
bompengar.
Bypakka vil føre
til store ulemper for biltrafikken og næringstrafikken i området.
I Ålesundregionen er det utfordringane med trafikken frå Hareid/Ulsteinvik
via Sulesund, trafikken frå Ørsta og Volda via Solavågen og trafikken
frå Stranda og Sykkylven via Magerholm som må løysast. Her er det
vegstrekninga frå Vegsund til Moa, Magerholm til Blindheim, og ny
Lerstadveg som er avgjerande å få bygd ut.
Vidare må firefeltsveg
byggjast ut på E39/136 Moa til Digerneset og vidare til Tresfjordbrua
E136 for å sikre eksportvegen opp Romsdalen og ut av fylket. Dei
vidare prosjekta på E136 Romsdalen har vore prioritet nr. 1 i Møre
og Romsdal i fleire år, og det er overmodent å setje i gang vegprosjekta
med utbetring av Måndalen, Hjelviktunellen, Innfjorden, Veblungsnes,
Flatmark–Monge–Marstein og området forbi Skiri og krabbefeltet opp Brustuglia
mot Bjorli og Innlandet grense.
Det er derfor ufatteleg
at ei bypakke i Ålesund vert det som skal byggjast ut og satsast
på, når store delar av utfordringane trafikkalt som næringslivet
og folk flest i regionen er heilt avhengige av, ikkje vert prioriterte.
Bypakke Ålesund er bygd opp usolidarisk og finansiert av i hovudsak
dei som ikkje har nytte av tiltaket, og vil medføre større problem
og utfordringar for Ålesund som skattebetalarane må betale.