Bakgrunn
Digitalisering og
digital teknologi har dei siste tiåra endra samfunnet i eit enormt
tempo. Rapporten «Ekom-sektorens betydning for norsk økonomi», utarbeidd
av Samfunnsøkonomisk analyse (SØA) på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet
i 2021, syner at tilgangen på ekomtenester og IKT har bidrege til
heile 80 pst. av den årlege gjennomsnittlege produktivitetsveksten
i norsk økonomi sidan 2003. Alt tilseier at digitaliseringa sine
bidrag til økonomisk vekst og samfunnsnytte vil bli ytterlegare
forsterka i åra framover, både i offentleg og privat sektor. Det
vil skje gjennom utvikling av heilt nye digitale løysingar og produkt,
effektivisering av oppgåver som allereie er digitale, bruk av kjend
teknologi på nye område og bruk av digital teknologi på bruksområde
ein enno ikkje kjenner i dag.
For å sikre at heile
landet kan vere med på denne rivande utviklinga, er ein god digital
infrastruktur over heile landet ein føresetnad. Analysar gjord på
oppdrag av NHO, Abelia, KS mfl. syner at for å nå ambisjonen om full
breibandsdekning i Noreg (gigabitsamfunnet), definert som 95 pst.
dekning av breiband med minst 1 Gbit/s (fiber/kabel-TV) og minst
100 Mbit/s for dei resterande 5 pst. av husstandane (mobile løysingar),
krevst det samla offentlege og private investeringar på ca. 12 mrd.
kroner.
Noreg er kome langt på vegen
mot desse måla dei siste åra. Pr. 2021 har 86,5 pst. av alle husstandar
tilbod om breiband med nedlastingsfart på minst 1 Gbit/s. Ca. 75
pst. av alle husstandar har eller har moglegheit til å koble seg
på fibernett. (Nkom, oktober 2021). Fiberdekninga har auka frå 50
til 75 pst. på berre to år (2019 til 2021).
I åra 2016–2020 vart
det investert ca. 50 mrd. kroner i breibandsutbygging i Noreg, kor
bidraget frå staten utgjorde ca. 1,4 mrd. kroner. Breibandsutbygginga
i Noreg har så langt med andre ord hovudsakleg vore finansiert av
marknaden. Det har fungert bra, men ein er no kommen så langt at
dei områda der det ligg best til rette for kommersiell utbygging,
er bygde ut, og dei områda, husstandane og verksemdene som står
att, vil vere meir kostbare å nå. For å auke dekningsgraden opp
mot det som skal til for å sikre full breibandsdekning og nå ambisjonen
om gigabitsamfunnet, vil det i denne sluttfasen av utbygginga krevjast
eit større bidrag frå det offentlege.
Å auke tempoet i
breibandsutbygginga i åra fram mot 2025 for å ta raskast mogleg
ut dette store auka verdiskapingspotensialet, vil ha høgare samfunnsmessig avkasting
enn dei fleste andre investeringar staten gjer.
Ein ny rapport utarbeidd
av SØA på oppdrag av NHO, KS, Abelia og Nelfo i februar 2022 (Samfunnsnytten
av gigabitsamfunnet), syner at framskynding av full breibandsdekning
frå 2035 til 2025 kan utløyse ein meirvekst i verdiskaping i fastlandsøkonomien
på heile 75 mrd. kroner, dette på grunn av moglegheitene full breibandsdekning
gir for raskare effektivisering og utrulling av digitale løysingar
i offentleg sektor, auka potensial for verdiskaping, raskare utrulling
av kompetansebygging i heile landet osv..
Full breibandsdekning
og digitalisering raskast mogleg vil også vere viktig for å lukkast
med klimakutt og omstilling til eit grønare næringsliv over heile
landet. Digitalisering kan mellom anna bidra til å redusere trongen
for persontransport, effektivisere varetransporten og redusere forbruket
av varer og tenester med store klimaavtrykk. Potensialet for databasert
verdiskaping kan vere så høgt som 300 mrd. kroner – 7 pst. av BNP
– allereie i 2030 (Menon, 2019).
Dersom folk skal
ha fridom til å bestemme kvar dei skal busetje seg, ta utdanning
og arbeide i framtida, og dersom ein skal ta ut det enorme verdiskapingspotensialet
i økonomien som rask digitalisering av Noreg gir, er det no nødvendig
å sikte mot full breibandsutbygging i heile landet og realisering
av gigabitsamfunnet innan 2025.