Innkjøp av dei maritime
NH90-helikoptera har vore ei trist historie for det norske forsvaret.
Helikoptera evnar ikkje å levere flytimar i nærleiken av det som
var førespegla på investeringstidspunktet, dei løyser i dag ikkje
oppgåva si, og dersom ein skal klare å produsere eit tilfredsstillande
tal flytimar, ser ein kostnadsoverskridingar i milliardklassa. Forslagsstillarane
meiner dette ikkje er ein haldbar situasjon for Forsvaret.
Dei 14 maritime NH90-helikoptera
som blei bestilte, var føresett å produsere 5 400 flytimar i året
for å vere fullt operative på alle fartøya i Fregattvåpenet i Marinen og
Kystvakta. Ambisjonen med omsyn til produserte flytimar er redusert
til 3 900 flytimar i året som eit minimumstal når alle NH90-helikoptera
er leverte og fasa inn i Forsvaret. Eit realistisk overslag frå
Forsvarsdepartementet i 2018 peikar mot å oppnå ein produksjon lik 2 100
timar årleg, altså berre 39 prosent av Stortinget sin føresetnad
om 5 400 timar årleg. Status i 2021 er at ein frå Forsvaret si side
vurderer det som mogleg å produsere 600 flytimar med NH90 i år.
Dette medfører at kun 11 prosent av kapasiteten Stortinget vedtok
i samband med kjøpet, blir tilgjengeleg som operativ kapasitet i 2021.
Kjøp og innfasing
av maritime helikopter til Forsvaret (NH90) blei granska av Riksrevisjonen,
oppsummert i eigen rapport, Dokument 3:3 (2018–2019). Stortingets kontroll-
og konstitusjonskomité gjennomførte 28. januar 2019 open kontrollhøyring
om Riksrevisjonen si undersøking av kjøpet og innfasinga av maritime NH90-helikopter
til Forsvaret.
Det finst ingen plan,
verken på departementsnivå eller etatsnivå i Forsvaret/FMA, som
understøttar oppbygging av NH90-produksjonen av flytimar til 72
prosent eller 3 900 timar. Dette vil ta ytterlegare 10–12 år frå 2021
og milliardar i ekstrainvesteringar. Riksrevisjonen sine funn, svak
og mangelfull styring av prosjektet, er framleis eit faktum i 2021.