Bakgrunn
Konsesjonslovane
har i meir enn 100 år vore eit viktig verkemiddel for å sikra nasjonalt
eigarskap til naturressursane. For ein ressurs som skogen har lovane også
bidrege til å sikra lokalt og personleg eigarskap.
Då den fyrste konsesjonsloven
vart innført i 1909, var årsaka at «trelastbaronar» og aksjeselskap
hadde kjøpt opp mykje gardsskog i siste del av 1800-talet.
I Noreg er eigarskapet
til skogen lagt på mange hender. Det bidreg til både spreitt og
lokalt eigarskap. Norske skogar skal vera utgangspunktet for verdiskaping
i ein norsk skogindustri. Norske skogar skal ikkje vera eit reiskap
for spekulasjon og plassering av kapital for fond, aksjeselskap
og kapitalsterke einskildpersonar.
Regjeringa Solberg
har sidan 2013 hatt eit einsidig fokus på å riva ned konsesjonsloven.
Då regjeringa vart sett inn, var målet i regjeringsplattforma å
kvitta seg med heile systemet med konsesjon. Det har ikkje vore
fleirtal for å fjerna konsesjonsloven, men regjeringa har liberalisert
så mykje som det har vore mogleg å få fleirtal for.
Det kan verke som
om målet har vore å fjerne mest mogleg av konsesjonsplikta, og ikkje
å få eit regelverk som er konsistent og funksjonsdyktig. Mellom
anna har ein oppheva priskontrollen og auka arealgrensene for konsesjon.
I Høgre sitt programutkast for neste stortingsperiode legg ein også
opp til ei kraftig liberalisering av konsesjonsregelverket, noko
som vil opne døra fullstendig for utanlandsk eigarskap til dei norske
skogressursane.
Det har no vorte
kjent at ein forretningsmann har selt 600 000 dekar skog og utmark
i Namdalen til eit tysk selskap. Fjerning av priskontrollen har
gjort sal av slike eigedommar meir lukrativt enn tidlegare.
Det er eit paradoks
at skogeigedommar som ligg til eit AS, kan seljast utan krav om
konsesjon, når den same eigedommen ville kravd konsesjon om han
var i personleg eige.
Skal ein nå målet
om å sikre aktivt, privat, lokalt og nasjonalt eigarskap til skogressursane
i Noreg, krevst det at ein strammar inn konsesjonsloven og andre
lovar slik at regelverket er treffsikkert.