Bakgrunn
I 2016 vedtok regjeringspartia
saman med Arbeidarpartiet å leggje ned Andøya flystasjon som base
for maritime overvakingsfly (MPA). I vedtaket låg at dei nye P-8
maritime patruljeflya som kjem til Noreg i perioden 2021–2022, skal
ha Evenes flystasjon som base, jf. Prop. 151 S (2015–2016) og Innst.
62 S (2016–2017). Argumentet som låg til grunn i proposisjonen,
var at ein felles base for kampfly og maritime overvakingsressursar,
verna av langtrekkande luftvern og baseforsvar, skulle gi best operativ
evne til lågast mogleg kostnad. Det er grunn til å stille spørsmål
ved om denne grunngjevinga, både det operative elementet og kostnadselementet,
framleis er relevant.
Det tryggleikspolitiske
biletet har etter 2014 endra seg i negativ lei. Rapporten Fokus,
som Etterretningstenesta gav ut i februar 2020, peikar på at den
militære aktiviteten i nordområda er rekordstor sidan den kalde krigen.
Sett i lys av dette er den norske evna til maritim overvaking kritisk
viktig for norsk forsvarsevne og for NATO. Maritime overvakingsfly
er sentrale med tanke på evna til å oppretthalde naudsynt situasjonsforståing i
eigne nærliggjande havområde. At ein evnar å få dei nye P-8-flya
i lufta snarast mogleg, bør difor ha hovudprioritet. Flya må ikkje
bli ståande i USA lenger enn naudsynt, og ein må ikkje kome i ein
situasjon der flya blir ståande på bakken i Noreg grunna at basen
på Evenes ikkje er klar, eller at personellsituasjonen fører til forseinkingar
i operasjonell testing og evaluering av P-8-kapasiteten.
Det er kjent at Luftforsvaret
tilrådde forsvarssjefen å fase inn dei nye P-8-flya på Andøya. Luftforsvaret
utfører MPA-aktiviteten og har den største operative kompetansen
om oppdraget, basane, forholda, personellsituasjonen og ikkje minst
støttefunksjonane som er naudsynte. Det er vanleg praksis at avgjerder
som t.d. innfasing av nye kapabilitetar blir tekne på eit fagmilitært
grunnlag, ettersom det blir sett på som del av operativ drift. I
denne saka kan det synast som at Luftforsvaret sin fagmilitære kunnskap
ikkje hadde nok tillit i Forsvarsstaben og leiinga i Forsvarsdepartementet,
ettersom den opphavelege tilrådinga ikkje blei godteken, men send
attende for å få «rett» svar. Høvesvis kort tid etter blei det kjent
at Evenes blir vald som base for innfasing av P-8-overvakingsfly,
i tråd med det som var politisk ynskt frå 2016. Forslagsstillarane
foreslår at Stortinget ber regjeringa gi innsyn i prosessen kring
den fagmilitære tilrådinga for å hindre spekulasjonar om overstyring
frå Forsvarsdepartementet.
Kostnadsbiletet kring
innfasinga av P-8 er vanskeleg å følgje. Frå Forsvarsbygg var innfasing
på Andøya estimert til 35 mill. kroner, men i Bladet Vesterålen
kan ein lese at dette er oppjustert til 77 mill. kroner. Det er usikkert
kva som brått har medverka til å doble kostnadane.
Vidare er driftskostnadane
på Andøya sette til 41 mill. kroner i året, medan driftskostnadane
på Evenes er sette til 6 mill. kroner for same tidsperiode. Regjeringa må
gjere greie for kva faktorar som er så kostnadsdrivande på Andøya,
ettersom Andøya allereie har ein etablert MPA-base med tilhøyrande
støttefunksjonar. Forslagsstillarane foreslår at Stortinget ber
regjeringa om å leggje fram rekneskaps- og budsjettal som ligg til
grunn for driftskostnadar for MPA-aktivitet på Andøya og Evenes.
Problem med turbulens
grunna plassering av Forsvarets hangarbygg for maritime patruljefly
(MPA) ved Evenes har medført at hangarbygg og infrastruktur tilknytt
MPA er relokalisert i retning sørvest samanlikna med tilrådinga
frå KVU Evenes og Stortingets vedtak i samband med behandlinga av
Innst. 346 S (2018–2019).
Ei plassering av
hangar så nær flystripa vil etter det ein er kjend med auke risikofaktoren
frå faktor 0,84 til 0,96. Maksimum risikofaktor som blir godkjent,
er 1,01, det vil seie at ein er 0.04 frå maksimum risikofaktor som er
mogleg å få godkjent. Det er sagt at ein skal gjere målingar i 1,5
år etter at hangaren er sett opp, for å sikre seg at denne risikofaktoren
er rett. Dette er særs uvanleg. Forslagsstillarane foreslår at Stortinget
ber regjeringa leggje fram analysar og berekningar som ligg til
grunn for plassering av hangar.
Det kjem tydeleg
fram i godkjenninga frå Luftfartstilsynet at det berre er hangaren
til nasjonale MPA-fly som er godkjent. Frå Avinor har det i møte
28. og 29. januar 2020 vore peika på at det på eit seinare tidspunkt
vil vere aktuelt med ein hangar nord for MPA-hangaren.
Luftfartstilsynet
på si side skriv at:
«hangar nord er problematisk
med tanke på strømningsforstyrrelser og turbulens, og har vært avgjørende for
plasseringen av alternativ 1-5. Tilsynet bemerker at oppføringen
av en hangar nord vil være gjenstand for egen godkjenning når det
blir aktuelt, ettersom endelig plassering, utforming og størrelse
på denne hangaren vil ha avgjørende betydning for strømningsanalyser
av turbulens.»
Det er svært kritikkverdig
at ein i dag set i verk utbygging for P-8-fly ved Evenes utan å
vite om ein vil få godkjenning til hangar nord, for allierte. Det
vil truleg føre til at allierte også i framtida vil måtte operere
ut frå Andøya, ettersom det ikkje vil vere plass til oppstilling av
flya på Evenes.
Det opphavlege forslaget
til hangar var plassering parallelt med rullebana. Grunna problem
kring turbulens blei ikkje dette forslaget godkjent. Forslaget som blei
godkjent frå Luftfartstilsynet, inneber å dreie hangaren samt flytte
den lenger sør og vest. Dette vil føre til ein betydeleg auke i
flyoperative flater frå det opphavlege 60 000 m2. Forsvarets reelle behov
er i underkant av 150 000 m2 i
myrterreng. Forslagsstillarane foreslår at Stortinget ber regjeringa
om tal på kostnadsauke som følgje av hangarflyttinga.
Det er knytt stor
uvisse til miljøkonsekvensane av utslepp av kjemikaliar og operativ
drift av P-8-flya ettersom regjeringa ikkje prioriterer å investere
i oppsamlingssystem for kjemikaliar for baneavising. MPA-området
er plassert berre nokre hundre meter unna landområde som er freda
gjennom Ramsar-konvensjonen. Det påligg difor Stortinget eit betydeleg
ansvar for å vareta natur- og artsmangfaldet i området rundt lufthamna
på Evenes.
Forslagsstillarane
viser til naturmangfoldloven § 7 (prinsipper for offentlig beslutningstaking
i §§ 8 til 12):
«Prinsippene i §§ 8
til 12 skal legges til grunn som retningslinjer ved utøving av offentlig
myndighet, herunder når et forvaltningsorgan tildeler tilskudd,
og ved forvaltning av fast eiedom.»
Det finst per dags
dato ikkje nokon plan for korleis ein skal makte å halde rullebana
på Evenes operativ i vinterhalvåret, og drive i samsvar med eit
svært lågt utsleppsløyve for kjemikalia, eller for problematikken rundt
å nytte sand. Stortinget må få framlagd ein plan for korleis ein
skal drive operativ aktivitet gjennom heile året.
Avising og bruk av
kjemikaliar på dagens rullebane ved Evenes lufthamn er ei kjent
utfordring. Ettersom basen ligg tett på Ramsar-område, er utsleppsløyvet
for kjemikaliar mykje lågare enn ved andre militære flyplassar,
som Bodø, Andøya og Ørlandet. I tillegg er det forbod mot bruk av
urea, det mest effektive kjemikaliet. Ved den sivile lufthamna på
Evenes vert det i dag nytta sand for å halde rullebana operativ.
Dette er vanleg ved sivil luftfart, men byr på store utfordringar
for militære fly. For det fyrste kan underhengande last, sensorar,
optikk, våpen og liknande bli påført store skadar ved bruk av sand
på rullebana. For det andre skal militære fly brukast og vedlikehaldast
i fleire tiår, og dei toler difor ikkje slitasjen bruk av sand fører
med seg. I skriftleg spørsmål frå Liv Signe Navarsete til forsvarsministeren
31. januar 2020, jf. Dokument nr. 15:831 (2019–2020), blei denne problemstillinga
løfta ettersom det i vintersesongen 2016–17 blei brukt 4 264 tonn
med sand i tillegg til 90,4 pst. av utsleppsløyvet for kjemikaliar
før militær aktivitet var lagd til Evenes lufthamn.
Forsvarsministeren
svara at ein skulle drive meir mekanisk fjerning av is og snø samt
at Forsvarets forskningsinstitutt har fått i oppgåve å undersøke
alternativ til dagens kjemikaliebruk. Regjeringa har altså ikkje
noko løysing på denne utfordringa per i dag. Sverige, Finland og
USA har alle same utfordringa med vinterklima, ingen av dei har
funne gode miljøvenlege alternativ til kjemikaliebruk. Ein har heller
ingen garanti for at dette problemet let seg løyse, og Stortinget
må få vite om det vil gå ut over operativ drift og miljøomsyn eller
gi slitasje på militært utstyr.
Evenes har vore planlagt
som QRA-base sidan 2012. I samband med dette er det gjort mykje
arbeid kring ammunisjon, men berre ut frå eit F-35-perspektiv. I
arbeidet kring F-35 blei det etablert eit eige ammunisjonsutval
med personell frå fagmiljø innan eksplosiv i Bodø og Ørlandet. Utvalet
handterte der spørsmålet kring ammunisjon i tråd med retningslinene
i ammunisjonstenesta. MPA kom inn i saka først i 2016, og det blei
då sagt at ein skulle gjenbruke eksisterande lagringsfasilitetar
i Evenesregionen. Det viser seg i dag at desse ikkje er eigna. Det
er ikkje sett ned ammunisjonsutval for å vareta våpen og eksplosiv
til MPA-systemet innanfor domenet lagring, montering og transport
av eksplosiv. Stortinget må få opplyst korleis regjeringa vil sikre
at retningslinene i ammunisjonstenesta skal følgjast for MPA.
Plassmangel er også
ein sentral faktor i denne samanhengen. Eit monterings- og inspeksjonsbygg
som tilfredsstiller rigide krav til klargjering av eksplosiv og har
store tryggleiksavstandar mot annan infrastruktur og personell,
er ruvande og stort og vil måtte vere kring ti meter høgt og romme
sju hallar. Med kjende turbulensproblem kring hangaren er det vanskeleg
å sjå for seg kvar dette bygget skal plasserast. Etablering av eit ammunisjonsområde
i tilknyting til Evenes flystasjon kan også medføre ei betydeleg
utviding av militært område, noko som vil få konsekvensar for husstandar
og samferdsel i området. Endringar i kostnadsbiletet må opplysast
til Stortinget.
I over 60 år har
tilsette ved Andøya flystasjon samarbeidd tett med den samlokaliserte
Etterretningstenesta. Dette har vore avgjerande for å oppnå dei
gode resultata ein har gjort. Mange tilsette ynskjer ikkje å flytte
med til Evenes, og det er ein reell fare for at fagmiljøet ved maritim
overvaking og deira kompetanse vil bli redusert som eit resultat
av flyttinga. Forslagsstillarane er kjende med at det er særs krevjande
å få kompetente søkarar til støtteapparatet rundt MPA-drifta. Regjeringa
må leggje fram ein bemanningsplan for Stortinget som sikrar full operativ
drift på den nye basen for maritim overvaking i samsvar med framdriftsplanen.