Den kommunale helse-
og omsorgstenesta står overfor store utfordringar. Det er høgt press
på dei tilsette i tenesta. Helse- og omsorgssektoren toppar statistikkane
over sjukefråvær i det norske arbeidslivet, og ifølgje Norsk Sykepleierforbund
(NSF) er problemet størst i kommunane, der sjukefråværet for sjukepleiarar ligg
på 18 prosent.
Samstundes har kommunane
problem med å rekruttere tilsette til helse- og omsorgstenesta.
I KS sin arbeidsgjevarmonitor 2019 oppgjev tre av fire kommunar at
det er «ganske» eller «meget» utfordrande å rekruttere sjukepleiarar.
Eit sentralt krav frå fagorganisasjonane har vore retten til heile
og faste stillingar. KS sin arbeidsgjevarmonitor 2019 viser at den
gjennomsnittlege stillingsstørrelsen innan kommunale helse- og omsorgstenester
ligg lågast blant dei kommunale sektorane, på 71,5 pst. Ifølgje
NSF sitt heiltidsbarometer var 42 pst. av alle utlyste stillingar
i 2019 deltidsstillingar. I tillegg kan høg vaktbelasting på ulempelege
arbeidstider for dei tilsette i helse- og omsorgstenesta gjere det
vanskelegare å rekruttere. Samstundes har vikarbruken i kommunane auka
kraftig dei seinaste åra. Ei undersøking viser at kommunane totalt
brukte 1,2 mrd. kroner på å leige inn vikarar i 2018 (Aftenposten,
2. juli 2019). Det er nesten ei dobling frå 2012, då talet var 625
mill. kroner.
Låg og ustabil bemanning
går dessutan ut over kvaliteten i tenesta. I årsmeldinga til pasient-
og brukaromboda for 2018 peikar omboda på at dei ofte vert kontakta
av eldre og deira pårørande om mellom anna
«for få timer og
for lavt kvalifisert personell i hjemmetjenestene, et stort antall
personer å forholde seg til og demente som er overlatt til seg selv
store deler av døgnet»
[(Meld. St. 9 (2019–2020)
Kvalitet og pasientsikkerhet 2018).]
Det er dessutan påvist
vald, overgrep og andre menneskerettslege utfordringar i omsorgstenesta.
Aftenposten har avdekka at rundt ti prosent av 128 000 kartlagde avvik
i sjukeheimar skyldast vald, truslar og utagering. I sin temarapport
frå 2019 om menneskerettane til eldre peika Noregs institusjon for
menneskerettar (NIM) mellom anna på vald og overgrep, tvangsbruk,
underernæring og uheldig legemiddelbruk som menneskerettslege utfordringar
for brukarar av omsorgstenestene. Ein del av desse problema kunne
truleg ha vore løyste med auka bemanning og kompetanse og lågare
vikarbruk. Ei spørjeundersøking gjennomført av Sykepleien.no i 2018
dokumenterer til dømes at tidsnød og ressursmangel fører til omfattande
bruk av vanedannande legemiddel til urolege pasientar og brukarar,
som kunne ha vore unngått dersom ein hadde kapasitet til å følgje
opp brukarane på andre måtar.